Her får du tak i fleirårig kål

Her får du tak i fleirårig kål

“Flott kål, men kor får eg tak i denne?” har mange spurd etter at eg skreiv innlegget “For eit fantastisk kål” om den fleirårige “Chou D’ Aubenton”.  Nå har eg funne det ut! Både kor du får tak i denne og andre fleirårige kål.  Og ja, her fins sortar for både milde Sør-Norge og kalde Nord-Norge. Og har du fyrst fått tak i ein, kan du laga fleire.

Her er rapport frå mi jakt på svar:

Fyrst spurde eg @Camilliascountryliving som eg hadde fått min plante frå. Ho hadde kjøpt stiklingar på nettet, men hugsa ikkje kor frå.

I Facebookgruppa Grønsaksdyrking i Norge var der gode tips å få:  Inger Helene Andersen fann ut at Camilla Plum i Danmark sel stiklingar av denne. Nettbutikken hennar heiter Fuglebjerggaard.

Trine Lise Vollen tipsa om at Albinus Frø i Danmark sel frø av ein annan fleirårig bladkål som heiter “Couve Galega”. 

Bladkål veks fort, ein kan begynna å hausta allereide 50-60 dager etter såing, opplyser Albinus.

Kan eg dyrka bladkål i Nord-Norge? Kor hardfør er fleirårig kål? er andre spørsmål eg får.

Albinus skriv dette om “Couve Galega”: Bladkål trives som de fleste kålplanter med køligt, tempereret vejr, men man skal have i tankerne, at denne kål har sin oprindelse i Portugal og den er ikke fuldt hårdfør i Danmark, hvis vinteren strenges. Man kan vælge enten at dyrke den som etårig grøntsag, som vi gør med andre kål, eller man kan satse på milde vintre, så den flerårige plante kan overleve i flere år. Man kan også forsøge sig med at sætte den i drivhuset i løbet af vinteren, hvor der måske lige netop er den anelse mindre koldt, der gør, at bladkålen kan overvintre.
Lykkedes det at få bladkålen til at leve i flere sæsoner, kan den blive op til halvanden meter høj. Må man affinde sig med at dyrke den som etårig, bliver den på højde med grønkål – ca. 50-90 cm høj.”

Camilla Plum i Danmark skriv at “Chou D’ Aubenton” kan bli 5-7 år. Står ikkje noko om minumstemperatur.  @camillascountryliving har hatt sin i fleire år i Skottland. I Sør-Norge burde det i alle fall gå.

Bur du i nord? Les vidare;)

Hurra for KVANN!

Så slo det meg: Planteklubben KVANN har vel kanskje fleirårige kål? Eg spurde Stephen Barstow for nokre minutt sidan og fekk dette svaret:

“Ja, om alt går etter planen tilbyr jeg gjennom KVANNs Høstkatalog (om ikke andre gjøre det) stiklinger av Daubenton, Daubenton Variegated (begge fra Frankrike), Eiiwig Moes (Belgia), Couve de Estaca (Portugal), Heligoland (fra ville flerårige kål), og Tree Collards (fra USA) samt noen av mine og andres krysninger mellom gamle flerårige kål og moderne sorter (noe alle kan leke med 🙂 ). Jeg har blant annet planter frøformert fra denne (krysset frem av min venn Chris Homanics i Oregon): https://onegreenworld.com/…/homesteaders-kaleidoscopic…/
Dette bildet er fra min bok Around the World in 80 plants og viser Daubenton, Daubenton variegated og Tree Collards (bakerst).”

Takk Barstow! JUHU! Her er det bare å melda seg inn, folkens!

“Collard Greens”

Fleirårig bladkål er det som på engelsk blir kalla “Collard Greens”, fann eg også nettopp ut.  Aha! Eg som lenge har lurt på kva “Collard Greens” er. Tronar nemleg på listetoppen – saman med grønkål-  over kva matvarer som inneheld mest næringsstoff pr. kalori.

Masse nyttig info

Dermed var det bare å googla “Collard Greens”. Her fann eg masse nyttige opplysningar på Agropub, nettside for økologisk dyrking i Norge: 

Om kor du får kjøpt frø eller stiklingar  i Skandinavia:  Zimtrade, Impecta, Runåbergs Frøer, Solsikken, Camilla Plum, Naturplanteskolen, Gartneri Toftegård og Albinus frø. Du kan også få frø og stiklinger gjennom medlemskap i foreningen «Kunnskap og Vern av Nytteplanter i Norge», (KVANN).

Om det er lov å kjøpa frå utlandet? Agropub skriv dette: “Plantemateriale med jord på er det ikke lov å importere til Norge.”

Om sortar og kor hardføre dei er:

  • Grønnkålen ´Daubenton´ som regnes som identisk med ´Everlasting kale´ fra Irland og ´Eiwiger kohl´ fra Tyskland. I disse landene har den lengre levetid enn i Skandinavia, men en forhandler i Danmark forventer en levetid på fire til fem år. Det samme kan forventes i Sør- og kyst-Norge.
  • Portugisisk/Galisisk bladkål kan likeens «vare evig» under sine opprinnelige vekstvilkår. Det samme kan forventes i de sørligste strøk av Norge, med mildt lokalklima.
  • Blant kål med flerårig livssyklus fins også landrasen ´Shetlandskål´. Denne grønnkålen regnes i Skottland for en av de eldste dyrkede grønnsakene og kan spores tilbake til 17. århundre. Den er kuldetolerant og kan dyrkes i hele Norge.
  • Brokkolisorter med stor kuldetoleranse forhandles også som flerårige, men det er ikke kjent om de vil trives under norske dyrkingsforhold. Det er sorter som ´Nine star perennial´, ´Purple sprouting early´ og ´White sprouting early´. Sistnevnte kan klare seg i minst to år under svenske forhold opp til vekstsone 5.
  • Strandkål, (Crambe), er en vill kål som vokser naturlig langs kysten opp til Midt-Norge. Den vanligste er strandkål (Crambe maritima), som kan dyrkes som flerårig i hagen. Fra Midt-Norge og sørover kan også busk-strandkål (Crambe cordifolia) og tatarisk strandkål (Crambe tatarica) også prøves til hagedyrking.

Jysla kult!

Her kan du lesa meir om den hardføre sorten Shetlandskål. 

Då kan me altså dyrka fleirårig kål både i sør og i nord!

Åj, åj, åj!

Då eg snakka med Camilla i Skottland i sist veke, dreiv ho krigføring mot kålmøllen. Ho var temmeleg frustrert fordi møllen hadde angrepe flesteparten av kålen hennar. Brått fekk eg heilt hetta: Hadde ho fått kålmøll på “Chou D’ Aubenton” også? Ja, dessverre. Men heldigvis hadde ho teke stiklingar.

Dermed fauk eg ut og tok stiklingar av min elskede plante. Nokre stakk eg ned i potter med jord, andre rett ut i eit bed som ligg i halvskugge.  Pottene sette eg i skuggen. Håpar inderleg eit par av dei slår rot i alle fall! Er så spent!

LES OGSÅ: 

FOR EIT FANTASTISK KÅL!

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Her får du tak i fleirårig kål”

  • Jeg fikk en stikling flerårig kål, satte den i jorda, hadde sneglegift Ferromol rundt. Den vokste litt. Neste år så jeg den ikke igjen. Trodde den skulle overleve vinteren. Bør den dekkes over? Kan slik flerårig kål få klumprot? Virker som Shetlandskål er best her på Nordvestlandet. Hadde vært kjekt å hatt slik kål i hagen. Forstod ikke den engelske sida om Shetlandskål – hvordan få kjøpt ei plante/frø?

    • Gomåren! Det er fyrste året mitt med fleirårig kål, fekk ein liten plante i fjor sommar. Planta denne bakerst i eit bed med god jord. Dekka jorda med kompost og lauv. Me hadde ein mild vinter. Kålen er mest utsett seint på vinteren/tidleg på vinteren når det både er frost i jorda og solskin, for då dampar vatn frå blada og røtene kan ikkje ta opp vatn frå jorda. Derfor faktisk lurt at dei stod bak i bedet der det er lite sol på den tida. Alle kål kan få klumprot dessverre. Eg trur det er meir sannsynleg at planten din ikkje fekk nok tid på å rota seg og blir “sterk” før vinteren. Meld deg inn i planteklubben KVANN (kvann.no), derifrå kan du bestilla fleirårige kål pluss få gode råd av folk som kan mykje meir om dette enn meg, f.eks Andrew McMillion og Stephen Barstow.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: