Seriedyrking: Trikset for mat i hagen heile året

Seriedyrking: Trikset for mat i hagen heile året

Etter kvart som me haustar, blir det ledig plass i beda. Den gjeld det å utnytta. Eg har terrassen halvfull av planter som ventar på tur til å bli planta ut. På denne måten får eg to avlingar i året på same plass.  Flesteparten av dei eg skal planta i andre omgang, er grønsaker som toler både sommarvarme og vinterkulde.

I år har me sett massevis av løk og poteter. Tre store bed med poteter, eitt stort bed med løk og tre små. Eg kan jo ikkje la dei stå tome etter at løk og poteter er tekne opp!

Derfor sådde eg både rosenkål, kålrot, rødkål og svartkål den 2. mai. Eg hadde også tenkt å så grønkål, men så kom snille Olaug Kragh innom med ei boks grønkålspirer – ho hadde langt fleire enn ho trong.

På biletet i toppen av innlegget ser du rødkål til venstre, rosenkål til høgre og svartkål bak.

Desse kålartane passar godt som grøde nummer to, fordi dei greier seg godt både om sommaren, hausten, ja vinteren med. Dei toler nemleg minusgrader. Tøffaste er rosenkålen og grønkålen.  Eg trur jamvel dei likar seg betre på kjølege og regnfulle oktoberdagar enn midt i solsteiken om sommaren. Og seinhaustes og på vinterstid er der heller korkje kålsommarfulglar, kålmøll eller kålfloger.

Grønkålen skal plantast etter potetene. Må nok venta ei god stund til, desse
potetene har ikkje starta å bløma ennå, dermed flytta eg grønkålen over i ein stor kasse. Eg tok sjansen på å planta ut i grov kompost. (Alle foto: Margunn Ueland)

Vakre, produktive, hardføre

Dessutan er dei så vakre og byr på mengder med næringsrik mat. Og  kålrot, rosenkål og rødkål må me jo ha til jul!  I Italia lagar dei ei varmande vintersuppe med svartkål og kikerter. I Nederland er “nasjonalretten” potetstappe med grønkål og i Portugal går det i  suppe av løk, poteter og grønkål.

Men me treng ikkje venta så lenge før me kan hausta av svartkålen og grønkålen. Det fantastiske med desse vekstene, er at me kan nappa blad jamnt og trutt frå nå av, gjennom heile sommaren, hausten og vinteren, og halda fram til våren! Eg vil påstå det ikkje finnes andre grønsaker som det blir så mykje mat av som desse. Det må i så fall vera bladbete (mangold), men grønkål er meir hardfør.

Fire benkar fulle av det som skal bli grøde nummer to: Femst ser du svartkål og fennikel.

Ompotting må til

Eg sådde altså desse den 2. mai, for planen var å planta dei ut den fyrste veka i juli. I fjor kunne me nemleg ta opp løk og poteteter då. Men i år har det vore langt kaldare, så det går nok nokre veker til. Løken har me begynt å eta av, men potetene har så vidt starta å bløma.

Etter at dei spirte, måtte dei priklast. Sjølv om eg gav dei temmeleg store potter, måtte eg nå nyleg potta dei om att – sidan dei må venta nokre veker til. Kålvekster krev mykje næring, så dei fekk både heimelaga kompostjord, pluss litt naturgjødsel (pellets av hønse- og kuskit). Har du ikkje kompostjord, bland kjøpejord (helst naturgjødsla) med kukompost (som du får kjøpt i sekk).

Jo større potter, jo større blir dei.

NB! Pakk jorda tett til, trykk ned med hendene, rundt stilkane. Det gjeld om at kålflua ikkje får koma til å leggja egg. Også viktig for at dei  skal stå støtt i vind. Dekk gjerne med plenklypp eller grov kompost.

Pass på å vatna! Regn er sjeldan nok for potteplanter.

Sjekk også jamnleg at kålsommarfuglar ikkje har lagt små gule, kvite eller grå egg på undersida av bladene. Finn du egg, plukk dei av og knip dei sund med fingrane. Du vil vel ikkje at larvene skal eta opp kålplantene?

Eg synes både rødkål, rosenkål, svartkål og grønkål er så fine, at dei får stå til pynt som om det var potter med sommarblomar.

Unnskuld, kålrot, eg synes ikkje du er like fin….

Fyrste sådden av kålrot og knutekål har me snart ete opp. Brokkolinien er også fortært. Att i kålbedet står ein annan sort grønkål, den russiske “Ragged Jack” med eikebladfasong og lilla bladnerver. Det hadde vore freistande å planta ut dei andre kålplantene her, men eg tek ikkje sjansen på å planta kål etter kål.

OBS, OBS!

Eg oppdaga nemleg nokre små kvite larver som åt på rota til eitt av knutekåla. For noko herk! Dei tygg på røtene. Du oppdagar det ved at plantene  plutseleg heng med blada, som om dei har fått for lite vatn. Då er det bare å ta opp planten straks og finkjemma jorda for larver.

Eg leste ein eller annan stad at det skal hjelpa å putta ned rå potetskiver, og frå @Camillascountryliving fekk eg tipset om å stikka ned nokre bitar av rabarbrastilkar.

Fennikel er så gildt å dyrka. Nydeleg, ikkje sant? Også nydeleg lukt.

Fleire eksempel

Den ledige plassen i kålbedet gjekk heller til fennikel som eg sådde i midten av april. Eg strødde også ut nokre ringblomfrø.

Etter kvart som det blir ledig plass i dei små løkbeda, sår eg rødbete.

På terrassen har eg også sylteagurk som eg  sådde i starten av mai. Planen er å planta ut den etter løken i det store løkbedet.

Sylteagurken håpar løken veks fort slik at han kan koma seg over i bedet…

I den lange “pallekarmen” som er laga av gamle dører, har eg nå to gule squash som eg sådde i midten av april, ein liten vannmelonplante som eg kjøpte (har aldri prøvd å dyrka det før). Fyrste grøden her var spinat.

Etter spinat og pak choi i to andre pallekarmar, veks nå frøsådd vårløk og selleristang. Her kan eg kanskje få til grøde nummer tre, f.eks salat etter selleristang og vårløk.

Etter tulipanar og sjalottløk: Sommarblom Zinnia og bladbete (mangold).

Ok, så du sådde ikkje i mai. Vil du ha kålplanter, kan du sikkert få kjøpt småplanter (såkalla pluggplanter) på eit  bra gartneri. Pott så desse om, straks du får dei heim. Jo lenger tid det går før du får ledig plass i beda, jo større potter bør dei få.

Mangold overtok etter knutekål, og løk. (Foto frå juli 2018 av Margunn Ueland)

LES OGSÅ:

FANTASTISKE GRØNKÅL

VINNAREN AV VINTERGRØNSAKENE

DEI RASKASTE I KÅLBEDET

MEIR OM SERIEDYRKING – SLIK GJORDE EG DET I FJOR

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Seriedyrking: Trikset for mat i hagen heile året”

  • Hei Margunn, er litt øvegidde over at du allerede kan høste fra hagen din! Bortsett fra reddikker er det ikke noe som er i nærheten av “ferdig”. Ruccolaen og spinaten ble det ingenting av i år, bare noen unnselige tørre blader som til slutt gikk i stokk, men mangolden jeg sådde i stedet for et par uker siden har bare blitt noen stakkarslige spirer. Bildene dine viser så frodige og flotte bed, hos meg er det så magert og spinkelt. Hvordan får du plantene dine til å vokse så fort? Hvor lang tid regner du fra såing til ferdig? Skal nevne at jeg hverken har drivhus eller plass til å lage egen kompost, men jeg vanner og gjødsler så godt jeg kan. Har du noen tips? Noe er galt i “prosessen” min…

    • Hei! Ruccola og spinat byr ikkje lenge på blad før dei blømer, det er slik dei er. Viss du fekk lite blad, fekk dei sannsynlegvis for lite vatn og næring. Viss du sådde mangold for eit par veker sidan, skal dei ikkje vera større enn små spirer nå. Hald ut, dei er små og treige i starten – dvs tek 8 veker frå du sår til du får små planter. Midtveges bør du prikla, dvs flytta kvar spire over i kvar si potte. Etter 8 veker plantar eg ut i god jord, då veks dei fort. Har du ikkje eigen kompost, kjøp kukompost og bland i jorda. Bladbetene vil lika det. Treng også godt med vatn. Lukke til!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: