Rabarbramuffins

Rabarbramuffins

Elskar rabarbra! Det går fint an å bruka rabarbra også etter jonsok (St. Hans) så lenge du haustar jamnt og trutt heile tida slik at du støtt har unge stilkar.  Dette er eigentleg ei eplekakeoppskrift, eg bytta bare ut epler med rabarbra.

Ingrediensar:

  • 3 egg
  • 1,5 dl sukker
  • 1,5 dl smelta smør
  • 3 dl kveitemjøl
  • 1 ts bakepulver
  • ein slump mjølk
  • 3 rabarbrastilkar

Framgangsmåte:

  1. Pisk egg og sukker
  2. Smelt smør, avkjøl og ha i eggedosisen.
  3. Bland kveitemjøl og bakepulver og ha i røra saman med ein liten slump mjølk (eit par matskeier)
  4. Ha røra i muffinsformer i muffinsbrett – plass til 12 muffins.
  5. Skjer rabarbra i tynne skiver og putt ned så mange du får plass til/har lyst på i formene.
  6. Steik i om lag 25 minutt på 175 grader.

Sidan både rabarbraplantene og eplekakeoppskrifta stammar frå farmor til naboungane Sofie, William og Nora, måtte dei sjølvsagt få nokre muffins. Dei blei fort oppetne!

Nam, nam. Oppkrifta blei nok til 12 muffins.

PRØV OGSÅ:

RABARBRAPAI MED JORDBÆR OG MYNTE

RABARBRADESSERT MED KOKOS OG BRINGEBÆR

RABARBRASUPPE OG RABARBRAGRAUT

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 



2 kommentarar om “Rabarbramuffins”

  • Lagde dobbel porsjon for å få brukt opp rabarbraen min. Kjempegod, og kunne nok stappet enda mer rabarbra oppi da deigen er ganske søt. Men ble satt stor pris på av ungdommen i heimen!

    • Så kjekt! Eg et lite sukker, så eg syntes også denne var vel søt. Eg er forresten lite glad i å bruka sukker og kveitemjøl så oppteken eg er av samanhengen mellom mat og helse, så dermed har eg prøvd meg på rabarbramuffins utan desse ingrediensane. Det ble bare vel så godt. Oppskrift kjem snart! I morgon, trur eg. Ha ein fin dag!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: