Sjalottløk og Zinnia

Sjalottløk og Zinnia

To av mine absolutte favorittar i eitt bed: Sjalottløk og dei fargeglade sommarblomane Zinnia. Det måtte då bli bra?

Det starta med at eg ikkje fekk plass til alle løkane i løkbeda, så eg putta ned sjalottløk innimellom tulipanane i det runde “blomsterkorg”-bedet i Leikeplasshagen. Var veldig nøgd med den kombinasjonen.

Då tulipanane var avblomstra, bytta eg dei ut med Zinnia. Eg hadde Zinnia for fyrste gong i fjor, og falt pladask. Som ein adventskalender kvar gong ein ny knopp opna seg: Kva farge og form ville blomen ha? Gule, oransje, rosa, røde, kvite, einsfarga, tofarga, stadig nye overraskingar. Store og kraftige blei dei også.

Like kraftig har dei ikkje grodd i år nei. Det vil seia: Dei likte seg dårleg på kalde dagar og netter i mai, men kjem seg nå.

Sjalottløken derimot, vaks som bare det. Det var alle dei irrgrøne tustane med løkstilkar som gjorde mest av seg. Eg fekk lyst til å ta dei opp… Sjølv om eg kunne ha fått større løkar om eg hadde lete dei veksa vidare ei veke eller så.

Snadder.

Eg tek bare dei største, tenkte eg, men du veit koss det er: Når du fyrst er i gong… Nokre minutt seinare  var det store bordet i Leikeplasshagen dekka av nyplukka sjalottløk. Du skulle ha kjend den lukta! Åh, så godt!

Luktar like godt som det smakar. Fersk sjalottløk. Skjer av og bruk eller frys det grøne før du legg løken til tørk.

Nokre buntar la eg på trappa til nærmaste nabo. Nora (4) hadde trass alt vore med og sett løken! Ein bunt steikte mannen min saman med sopp og serverte til andebryst. Resten la eg til tørk i ei pappøske i sola etter at eg kutta av mesteparten av dei grøne stilkane. Desse hakka eg, hadde i fryseposar og putta i frysa.

Plassen etter sjalottløken har nå tre mangoldplanter med gule og røde stilkar overteke. Det må då bli fint!

Sjalottløken planta eg ut i påska. Han hadde forgrodd i kassar i drivhuset. Var ikkje sådd frå frø, me brukte setteløk.

Zinnia sådde eg i drivhuset den 18. mars, prikla i april og planta ut den 18. mai.  Eg sådde tre sortar: “Scabiosa”, “Whirlgig Fun” (hadde litt igjen av fjorårets frøposar) pluss ei blanding som bare heitte “Zinnia” (frå Impecta).

LES MEIR OM Å DYRKA LØK:

SIMSALABIM, I ÅR BLIR DET MASSE LØK

LUNCH MED ÅRETS FØRSTE LØK

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Sjalottløk og Zinnia”

  • Får ikkje til zinnia! Sådde to pakker inne i vår og nå har eg bare to spinkle spirer igjen….. Dei er då fine- har du nokon tips?

    • Hei! Det er viktig at dei får nok lys etter at dei har spirt. Det gjeld alle spirer. Vanskeleg å få til inne i eit hus utan tilleggslys. Eg sådde mine i drivhus i mars. Lenge er dei bittsmå.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: