Mona sin morgonjuice

Mona sin morgonjuice

Bonusdotter mi Mona lagar juice til familien kvar morgon.  Bladgrønt er fast ingrediens. Vanlegvis sjøldyrka grønkål. Store mengder går med – ho har fire ungar – så nå fekk ho påfyll frå den fleirårige kålen i hagen min. Her er juicen ho laga:

  • 2 grøne eple
  • 1 tommelfingerstor bit av ingefærrot
  • 1 agurk
  • 1 økologisk lime (treng ikkje skrella)
  • 2 stilkar med bladkål
  • 4-5 dl vatn til slutt
God start på dagen! (Foto: Mona Hegelstad)

Har du juicar, men ikkje fleirårig bladkål, kan du sjølvsagt bruka grønkål eller spinat eller vanleg sommarkål i staden.

Her er Mona med nyplukka kål av den fleirårige sorten “Chou d Aubenton” som du kan lesa meir om her.


2 kommentarar om “Mona sin morgonjuice”

  • Så deilig det høres ut! Hvor kan man få tak i frø eller planter til Chou Daubert kålen. Det fristet å prøve den. Tror du den er like vinterherdig i H4?
    Anne

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: