For eit fantastisk kål!

For eit fantastisk kål!

Så fint! Er det ein prydplante? spør mange og peikar på ein stor plante i kjøkkenhage med store grøne blad med kvite og lysegule kantar. Ein pryd ja visst, men dette er ein matplante. Fleirårig kål. Eit kål du kan hausta av året rundt, år etter år! Er det ikkje fantastisk?

Mild og god smak. Me går og jafsar på blad støtt og stadig.  Godt også som grøne tacos og tortillas!  Bonusdotter mi blei så begeistra at ho fekk med famnen full. Ho måtte jo få det, ho som lagar grøn juice kvar morgon.

Kor eg har fått tak i denne? Eg var så heldig at eg fekk ein liten plante av Camilla Fredriksen (@camillascountryliving) då ho var på besøk i fjor sommar. “Chou d´ Aubenton” er sortsnamnet.

Planten voks litt utover hausten og stod fint heile vinteren. Tidleg i vår tok han til å veksa att, og har blitt større og større dag for dag.

Fotografert den 16. april.
Den 4. juni. Pepperrota blømer kvitt lengst framme, dei lilla kulene er prydløk.

Må vedgå at eg synes han er så fin, at eg har kvidd meg litt for å plukka, men nå var det jammen på tide. Kålplanten har nå blitt mest dobbelt så stor som på biletet frå den 4. juni.

LES OGSÅ:

DEI RASKASTE I KÅLBEDET

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



4 kommentarar om “For eit fantastisk kål!”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: