Rabarbradessert med kokos og bringebær

Eg elskar rabarbra, men vegrar meg for å laga suppe for ofte på grunn av sukkeret som må til. Men nå! Nå har eg funne fram til ein rababradessert utan sukker. Nydeleg smak og fløyelsmjuk konistens.
Mousse? Nei, inneheld ikkje egg og stivpiska krem. Du slepp å vispa!
Det var hos frisøren her om dagen at eg fann trikset i boka “Salig blanding” av Renée Voltaiare: Kok rabarbra mør i bittelitt vatn, blend med dadlar, ha i rå kokosolje. Avkjøl.
Men kremen i blendaren blei ikkje rosa slik som på biletet i boka, snarare ein ubestemmeleg variant av lysegrøn og lysebrun. Såg ikkje lekkert ut , men smaka ok. Hmm. Oppi med frosne bringebær og litt meir dadlar. Svisj, svisj, fin rosa farge og endå betre smak.
Fylte to glas, putta i kjøleskap, pynta med reven kokos og mynteblad.
Pling på døra! Nabojenta Sofie kom med strikkar til Norgesglas og gamle syltetøyglas, pluss ei boks nyrista mandlar, nam, nam.
Klart eg måtte by ho på noko godt. Rabarbradesserten blei servert.
“Mmm, kjempegod, den må du laga igjen!” var dommen. Oh, yes, I will.
Her er oppskrifta: (2 porsjonar)
Ingrediensar:
- 2 rabarbrastilkar
- 6 dadlar
- 2 dl frosne bringebær
- 3 ss rå kokosolje
- gjerne bittelitt kokosmasse og nokre mynteblad
Framgangsmåte:
- Skjer rababraen i tynne skiver og småkok dei i ei gryte med 3 ss vatn til dei blir møre.
- Avkjøl litt og køyr så i blendar med dadlar (ta ut steinane), bringebær og kokosolje.
- Ha kremen over i glas og set dei i kjøleskapet til kremen blir kald.
- Pynt gjerne med litt kokosmasse og blad av sitronmelisse eller mynte.
Mannen min som er svært glad i rabarbra tykte denne var kjempegod. Mens Amund (5) laga ein grimase som tydeleg viste at han tykt desserten var for syrleg, då han nyleg var med var med pappa Eirik Gjesdal i NrK Rogaland for å laga reportasje frå Margunns kjøkkenhage.
Smak på blandinga før du set ho til kjøling. Vil du ha det søtare, tilset nokre teskeier honning eller litt kokosblomstsukker.
HER ER FLEIRE OPPSKRIFTER MED RABARBRA:
RABARBRAPAI MED JORDBÆR OG MYNTE
RABARBRASUPPE OG RABARBRAGRAUT
EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:
- Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
- Trykk på FØLG MEG-knappen.
- Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.
Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.
Dette høres nydelig ut! Men jeg er ikke så glad i smaken av kokos – har du forslag til noe jeg kan bytte det ut med? Eller kan det være bra uten?
Hei, kjære Pam! Njei, veit sanneleg ikkje, kokos gir både sødme pluss gjer at “røra” stivnar. Prøv deg fram, du kan jo laga mat:) Ha ein fin St.Hans! Hels Arild:)
Kanksje jeg kan bruke havre krem fra Oatley eller annen søt-vegansk krem. Skoal si fra om resultatet 🙂
Lykke til, ja, spent på resultatet!
Tusen takk! Jeg er heller ikke glad i alt dette sukkeret så min rabarbra pleier ikke å bli brukt!
Det er jo for gale, for rabarbra er jo så godt! Prøv denne! Eg lagar for fjerde gong i dag:) Får besøk av bonusdotter som ikkje rører sukker:)
Takk for super oppskrift med rabarbra. Jeg hadde ikke bringebær men brukte jordbær istedenfor, det ble helt nydelig.
Hei igjen Margunn og takk igjen for spennende oppskrift – gleder meg til å prøve:-)
God søndag til deg.
Takk og velbekommen! Håpar du likar desserten:)
Takk for flott oppskrift. Jeg hadde ikke bringebær men brukte jordbær og det ble helt nyyydeliig.
Så bra!Takk for tilbakemelding! Ja, prøvde også med halvparten jordbær og bringebær, det var også godt:)