“Bloody Mary”

“Bloody Mary”

Her er ein “Bloody Mary” som smakar godt! Den med vodka, tomatjuice og tabascosaus er jo heilt pyton! Denne er dessutan bra for deg, så bra at du gjerne må drikka han kvar dag!

Eg har inntrykk av at alle “helsenerdar” juicar selleristang for tida. Ein eller annan som hevdar at sellerijuice skal kurera det meste. Eg har nå ikkje tru på at eitt “middel” skal ordna opp. Men selleristang er bra for deg uansett. Full av mineralar og fiber. Inneheld også dei betennelsesdempande stoffa apigenin og luteolin. Les meir om helsefordelar med selleristang her.

Opp med handa dei som synes at rein sellerijuice er godt! Nei, tenkte meg det. Ikkje eg heller. Men denne juicen likte eg kjempegodt!

Ingrediensar:

  • 6 tomatar
  • 2 stilkar økologisk stangselleri
  • 2,5 cm ingefærrot

Framgangsmåte:

Vask alt. Du treng ikkje skrella ingefærrota. Køyr alt gjennom juicar.

Knallgod! Gledar meg til eg kan hausta min eigen selleri!

Eg brukar sentrifugejuicar. Fibrane i selleri set seg lett fast i slowjuicar.

Denne kalorifattige drikken gir deg mellom anna A-B- C- og K-vitaminar, kalk, magnesium, mangan, kalium og antioksidantar.

PRØV OGSÅ DENNE AVKJØLANDE SOMMARDRIKKEN

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 



2 kommentarar om ““Bloody Mary””

  • Hei Margunn og riktig god lørdag til deg. Takk for spennende Bloody Mary variant oppskrift fra deg i dag.
    Jeg fikk rett og slett vann i munnen så denne skal jeg absolutt prøve. Sikkert godt med litt tabasco oppi også.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: