Bondebønner på tre måtar

Bondebønner på tre måtar

Eg likar å eksperimentera. Det er ofte slik eg lærer og skaffar meg ny erfaring. Og så er det spanande! I år sådde eg to sortar bondebønner på tre ulike tidspunkt på tre stader og på to måtar.

Konklusjon-1: Bondebønner kan du trygt så rett ut lenge før frostfaren er over.

Gruppe 1: Den 27. februar sådde eg bondebønner i drivhuset. Det var sorten “Crimsonflowered” pluss frø av mine eigne planter frå i fjor. Veit ikkje kva sort; er bønner eg har fått av min ven Øyvind.

Desse planta Nora (4) og eg ut i Leikeplasshagen den 6. april.  Dei fekk den dårlegaste plassen, det vil seia bakerst i den gamle sandkassen nær granhekken. Dårleg fordi der kjem ikkje sola til før uti mai, og då ikkje før godt utpå dagen.

Desse har kome lengst. Dei har blomstra flott i fleire veker. Aller finaste er den knallmørkerosa “Crimsonflowered” som eg har fått av @camillascountryliving.  Øyvind sine har kvite blomar med svarte teikningar. Nokre må ha kryssa seg i fjor sommar, for ikkje alle er røde eller kvite, fleire er rosa og grålege. Det øvste biletet tok eg den 4. juni.

Blomanene er nå i ferd med å visna, det vil seia at snart blir dei til belgar, slik som du ser på neste foto frå denne veka.

Dei forkultiverte står bakerst, dei eg sådde rett ut den 7. april fremst.

Gruppe 2: Den 7. april stappa eg ned nokre bondebønner framføre desse i det same bedet. Men desse får litt meir sol. Nå står dei fine og kraftige, og har nett starta å bløma.

Bondebønnene er høgare enn bringebærplantene..

Gruppe 3: Den 27. februar putta eg bondebønner ned mellom bringebærplantene. Desse får sol mest heile dagen. Dei har blitt mest like store som dei forkultiverte ved granhekken. Dei starta bløminga i starten av juni. Altså over to veker tidlegare enn dei eg sådde den 7. april.

Konklusjon-2: Uhyre lettvint å så rett ut, og resultatet blir topp.

Konklusjon-3: Super vekst å dyrka også i år med så krevjande og skiftande temperaturar som i år med “sommar” i april, “vinter” i mai og “haust” i juni.

Konklusjon-4: Greit å kunna få ferdige bondebønner til ulike tidspunkt og ikkje alle på ein gong.

JA! Det går fint å så bondebønner rett ut nå. Det er absolutt ikkje for seint. Legg dei i vatn over natta før du puttar dei i jorda.

FLEIRE BONDEBØNNETIPS FÅR DU HER

Eg prøvde meg også på å så sukkererter rett ut så tidleg som den 27. februar. Koss det gjekk kan du lesa her. 

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: