Rekordtidlege sukkererter

Rekordtidlege sukkererter

Sjå, sukkererter alt nå! Så herleg. Dei fyrste blomane kom for rundt to veker sidan, i dag morges oppdaga eg dei fyrste tynne belgane. Sjølve plantene er ikkje akkurat store og kraftige, men eksperiment “tidlige sukkererter” funka.

“EKSPERIMENT: 30x sukkerert “Norli” sådd rett ut ved klatrestativ”, har eg notert i hagedagboka mi den 27. februar. Eg la dei ikkje i vatn over natta som vanleg på førehand. Tenkte det ikkje gjorde så farleg om det ikkje gjekk. Eg kunne jo så på nytt. Artig å prøva.

Ertene er frå frø eg tok av mine eigne “Norli” i fjor. Det er ein låg sort, skal bare bli 60 centimeter stod det bak på frøposen. I fjor blei dei sikkert dobbelt så høge! Mens årets neppe har nådd 60 centimeter.

Plantene er heller ikkje like kraftige som i fjor, tvert om, temmeleg puslete.  Men rekordtidlege, det er dei.

Det betyr at eg snart kan så ny runde på same plassen. Så gøy!

 

 



4 kommentarar om “Rekordtidlege sukkererter”

  • Har forstått at når det kommer midd på sukkerertra – at plantene blir kvite, så skal en ikke plante på samme plassen etterpå. Har aldri prøvd samme plass etterpå, så jeg vet ikke om det er ok/går greit? Men herlig å kunne så sukkererter flere ganger. God knaspregrønnsak – og overskudd fryser jeg rett ned. Brekker de i biter i gryta, før surrer i litt olje og vann til middag. Før drog jeg av stilk og “tråd” og forvellet før frys. Sparer meg arbeid.

    Utrolig interessant å lese din blogg, Margunn! Grønngjødsling er løsninga mm. Spennende og viktig å dyrke sjøl – og å inspirere andre!

    • Hei! Var ikkje midd eller kvitt på mine sukkererter, så eg tok sjansen på å så nokre nye. Har ikkje prøvd det før. Takk for råd, har ikkje høyrt det før. Her blir alt ete opp etter kvart – avlinga var ikkje så stor i år. Men godt å vita at det går å frysa sukkererter utan å forvella. Blir glad for at du likar bloggen, takk, takk. Grønngjødsel har eg lese skal vera bra, men eg har faktisk aldri prøvd det. Ha ein fin haust!

    • Må rette opp en feil-info fra meg, for en må nok ta arbeidet med å dra av stilk og “tråd”, men da kan en fryse sukkererter-belgene – uten forvelling.. Grønngjødsling er bare et annet ord for jorddekke, som jeg ser at du også gjør, Margunn! Kluet i dyrkinga!

      • Det er notert! Jorddekke med tjukt lag gras var redninga i fjor i tørken, i år som det har vore langt kjølegare og mykje våtare, har eg halde meg til grov kompost og ein del plenklypp. Og om hausten dekker eg med lauv og endå meir kompost.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: