Lunch med årets første løk

Lunch med årets første løk

Har du smaka små, nyhausta løk? Smaken er mild, ja litt søt. Går utmerka å eta rå, men blir endå søtare etter nokre minutt på panna. Den grøne stilken smakar som vårløk. I dag hausta Nora (4) den fyrste løken i Leikeplasshagen. Som me kosa oss!

Løken planta eg ut den 19. april. Han hadde forspirt i kassar i drivhuset. Det var i mars me sette løken i kassane, eg fylte nokre kassar den 18. mars, Nora (4) sette resten den 31. mars.

Nora (4) og mamma Marte prøver å finna den største løken i Leikeplasshagen.

“Simsalabim, nå må dokke gro!” sa Nora, og løken har grodd, jamnt og trutt. Det stikk opp masse grøne stilkar fleire av beda i Leikeplasshagen. Dei fleste ser ennå bare ut som grøne stilkar, men på nokre av dei kan me sjå ein ung løk formar seg..

Me kan nå ta ein av desse…

Me treng jo ikkje venta til dei har blitt store for å hausta dei. Eg likar best å starta nå, ung løk er jo ein delikatesse. Så nappar me opp ein nå og ein då, – dei største – mens dei andre får veksa vidare.

Stolt løkdyrkar har hausta årets fyrste løk.

Så klart det måtte vera Nora som fekk dra opp den aller fyrste. Ho tok tak nederst i stilken og halte: Boms! Plutseleg løysna løken, og Nora hamna på rumpa i bakken med løkplanten i hendene. Me skratta og lo litt,  tok nokre munnfullar av dei grøne toppane og gjekk inn for å laga omelett.

Nå veit Nora koss me lagar omlett med grøn løk.

Nora piska 8 egg saman med litt fløyte, salt og peppar, mens eg freste opphakka løk (både den kvite løkdelen og dei grøne stilkane) i smør på panna.

“Det luktar pannekaker!” utbraut jenta som nå tok til å bli svolten.

Så mykje omelett har Nora aldri spist før, kunne mamma Marte fortelja.

Trur du ikkje me åt opp mest heile omeletten, Nora, mamma Marte og eg. Nora åt to porsjonar. Eit lite stykke låg att på panna. “Det vil eg ha til middag i dag!” bestemte Nora og tok seg ein slurk rosa kombucha.

“Eg er både gartnar og kokk”, smilte ho,  både stolt og mett. Mamma Marte og eg syntes ho hadde all grunn til å vera kry.

LES OGSÅ:

SIMSALABIM, I ÅR BLIR DET MASSE LØK

Sist helg hausta me den fyrste knutekålen, det kan du lesa om her.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: