Forfriskande juice med mynte og agurk

Forfriskande juice med mynte og agurk

Ein deileg sommardrikk med avkjølande, rensande og oppiffande ingrediensar – godt for fordøyelsen, godt for deg! Ein herleg måte å bruka mynte på.

Ingrediensar:

3/4 agurk

2 økologiske eple

4 stilkar mynte

1 cm ingefærrot

Framgangsmåte:

Vask alt og køyr det gjennom juicaren (eg brukar sentrifugejuicar).

Tilsett gjerne litt kombucha eller farris viss du vil juicen skal sprudla litt!

 

 



2 kommentarar om “Forfriskande juice med mynte og agurk”

    • Er faktisk ikkje sikker på kva mynte dette var. Er frå ein gammal plante eg trudde var død som vakna til liv under ein haug kompost som eg planta jordskokk i…Var fleire sortar mynter under haugen…Spørs om det ikkje er peppermynte. Bruk den mynten du har!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: