Regnbogegudinne i staudebedet

Regnbogegudinne i staudebedet

Iris er blikkfangarar i staudebedet første del av juni.  Namnet etter den greske regnbogegudinna har planten kanskje fått fordi dei fins i fleire fargar: Fiolett, lilla, purpur, burgunder, rosa, kvit, gul, blå, lyseblå.. Før du plantar: Ver klar over at dei stiller svært ulike krav til vekseplassen. Sibiriris elskar våt jord, hageiris hatar det.

Sibiririsen veks i tuer bak i staudebedet der jorda ikkje tørkar så fort opp som fremst der hageirisen står. (Bilete: Margunn Ueland)

SIBIRIRIS (Iris sibeirica) er ein svært hardfør staude som toler det meste, også kalde vintrar. Heiter nok ikkje Sibiriris utan grunn..Tøff, men elegant, med slanke blomar i toppen av lange stenglar som skyt opp frå smale (0,5-1 cm) grasaktige blad.

Dannar fort store tuer som bør delast med jamne mellomrom: Ikkje la det gå stort lenger enn fire-fem år. Viss ikkje kjem du til å slita med å få spada gjennom dei samanfiltra kraftige røtene.

Best er det å gjera dette enten tidleg på våren, eller etter blomstring.

Dei aller fleste sortane er i ulike blånyansar, men fins også kvite. Kva sort eg har, veit eg ikkje, har fått mine av syskenbarn Karen.

Hageiris har kraftigare blomar og tjukke, sverdaktige blad.

HAGEIRIS (Iris germanica) elskar sol og vil helst ha tørr og godt drenert jord. Mine fyrste hageiris kreperte ein vinter det skifta mellom masse regn og frost. Då hadde eg planta dei nede ved plenen ein stad vatnet lett samla seg. Nå står dei ytterst i bedet langs terrassen, der det er masse singel i botnen.

Rotstokkane skal plantast grunt – så grunt at dei mest ligg oppå jorda. Ja, det ser merkeleg ut når dei er nyplanta, men slik vil dei ha det.

Dei tjukke, sverdaktige, grøngrå blada og dei kraftige blomane gjer seg der dei stikk opp mellom  runde og mjuke tuer med storkenebb.

Gul hageiris stikk seg ut fremst i bedet mellom storkenebb som så vidt har starta bløminga. Dei lilla kulene er Allium- ikkje ein staude, men ein prydløk.

Hageiris får du i mange fargar, dei vanlegaste er nyansar i gult, blått, lilla og fiolett. Kva denne gule sorten heiter, veit eg ikkje. Eg har fått han frå Ket, syskenbarnet til mannen min.

Legg merke til at hageiris har “skjegg” på dei nederste og ytterste kronblada.

NB! Luk godt før du plantar . Det er ikkje lett å koma til mellom rotstokkane etter kvart som dei veks til. Etter fire-fem år er det lurt å dela dei. Etter bløming. Grav opp rotstokkane, del dei i bitar, gje bort nokre og plant resten.

Kvar blom varer dessverre ikkje lenge – så klypp av visne blomar etter kvart. Ikkje bare ser det finare ut, planten kjem også med fleire blomar.

Det tek ofte nokre år med prøving og feiling, flytting og deling før du greier å komponera eit fint staudebed. Kanskje du får nokre idear i her med å ta ein kikk på planteplanen for dette staudebedet. 

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: