Dei raskaste i kålbedet

Dei raskaste i kålbedet

Nam! Lysegrøn utpå, saftig og kvit inni, med mild smak – mykje mildare enn mainepe og kålrot. Knutekål er knallgodt å knaska i seg rå.  Ein av dei raskaste i kålbedet, så denne kan du dyrka fleire omgangar av. Her skal eg også fortelja om andre kålslag som blir ferdige svært tidleg.

Knutekålsorten du ser på biletet er “Wiener Vit”. Trur eg. Eg sådde nemleg også “Noriko”, men ute i bedet greier eg ikkje å sjå forskjell. På bileta i frøkatalogen til Impecta ser “Wiener Vit” lysegrøn ut, mens “Noriko” er kvit med eit skjær av lyst lilla.

Knutekål, temmeleg sikker på at sorten er “Wiener Vit”. (Alle bilete: Margunn Ueland)

“Wiener Blå” er lilla, men den er ikkje klar ennå.

Alle tre sortane breisådde eg i eit lite beger i drivhuset den 26. februar. Den 25. mars vart dei prikla (eg flytta ei og ei spire over i kvar si potte). Utplantinga foregjekk den 19. april.

Det var 2. pinsedag me drog opp dei aller fyrste: Sola skein, eg var i drivhuset og vatna tomatplantene, så kom nabojenta Nora og mamma Marte. Ho fekk vatna dei små pottetomatane, mens eg tok meg av dei store. Etterpå ville ha ha nye oppdrag.

Malene ville også ha knutekål.

Knutekålen, kom eg på, ho kunne få hausta nokre av dei! Men Nora våga seg ikkje heilt på det, før veninna Malene (4) og storesyster Sofie kom. Malene tok tak og drog opp den rare grønsaken. Ein slik ein hadde ho aldri sett før.  Frå jordklumpen på tuppen av rota dingla ein meitemark..  Nokre minuttar blei småjentene meir opptekne av den enn av sjølve knutekålen.

Frå venstre: Sofie, veslesyster Nora og Malene. Mor til Malene, Kristine Fossen Olsen ville også sjå.

Mmmmm! Sofie derimot, gjorde som mødrene og smaka på knutekålen. Dermed måtte me hausta ein til, og endå nokre fleire. Resten skal få veksa seg større.

Knutekålen har eg planta langs kantane av eit firkanta bed med ulike kålplanter. Eg synes dei er så fine å sjå på, at dei må få vist seg fram.

Brokkolini

På toppen/i midten av bedet hadde eg brokkolini “Quarantina” som produserte mange minibrokkoli på tynne smakfulle stilkar. Det nyttar ikkje å venta på at dei skal bli større, for ventar du, blir dei fort til gule blomar. Denne har me ete opp, nederste delen av stilkane og blada juica eg. Blomane kan du bruka i salat, i smoothiar og som pynt på maten.

Også brokkolini planta eg ut den 19. april. Sådde i drivhuset den 18. mars og prikla den 1. april.

Passa godt at eg kunne ta dei opp nå, for kålrot og russisk grønkålen som eg har planta mellom brokkolini og knutekål, treng større plass.

June ville også smaka. På armen til Marte Bøe. Mor til June er Kristine Fossen Olsen til høgre. Marte og Kristine er begge naboar til meg og Leikeplasshagen. Marte er mor til  Sofie og Nora. Grønkålen er den afrikanske “Sukuma Wiki”.

Glattblada grønkål

Grønkålsortane  “Ragged Jack” (russisk) og “Sukuma Wiki” (afrikansk) har me plukka blad av jamnt og trutt i vekesvis. Nye blad veks stadig ut, og plantene blir bare større og større. Også desse sådde eg i eit lite beger i drivhuset den 26. februar, prikla den 25. mars og planta ut den 19. april.

Eg har ikkje gitt dei “kjøpegjødsel”, dei veks i god kompostjord.

Grønkål “Ragged Jack” fotografert den 19. mai.

Begge desse glattblada grønkålsortane er milde på smak, ikkje seige og trevlete, og eignar seg derfor godt til å brukast også rå. Eg er glad i smoothiar, nabo Marte lagar alltid grøn salat til middagen.  “Masserer” du blada med litt olivenolje, blir dei endå mjukare. Kristine har sansen for røresteikt grønkål med kvitløk til omnsbakt laks.

Me tok seg nokre munnfullar av blada me hadde plukka. Vesle June (10 månadar) fylgde nøye med, strekte ut handa og tok seg eit blad som ho tygde på vel og lenge. Nei, ho spytta ikkje ut!

June gapa opp og tygde både vel og lenge.

Kålrot og spisskål “Early Jersey Wakefield” (ein tidleg sort), blei også planta ut  den 19. april (sådde den 26. februar i drivhuset). Dei er ikkje ferdige ennå.

LES OGSÅ:

SUPERRASK KÅL

LYSEGRØN, SUKKERFRI KREMSMOOTHIE

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: