Gulrotkake i ein kopp

Gulrotkake i ein kopp

Sugen på noko søtt og godt? Dessert… Kake… Ikkje lyst eller tid

til å baka? Her er eit mykje kjappare og sunnare alternativ: Gulrotkakesmoothie! Også super som alternativ til brødskiver til frukost og kveldsmat.

Tre av ingrediensane ser du på biletet. Her er oppskrifta:

  • 1,5 gulrot
  • 2 dadlar (ta ut steinen)
  • 1/3 banan
  • 1 skvis sitronsaft
  • 10 mandlar
  • 1 ss kokosmasse
  • 1/2 ts kanel
  • 1 dæsj muskattnøtt
  • 3 1/2 dl mandelmjølk eller “Mylk” (mjølk av havre og mandel)

Køyr i god blendar til alt er godt knust og blanda. Dette er 1-2 porsjonar.

Smaka overraskande godt og søtt. Eg et svært lite sukker og har gjort det lenge. Det gjer at det ikkje skal mykje til før eg synes mat smakar for søtt.  Vil du ha “kaka” søtare og eventuelt tjukkare, tilset litt meir banan og gjerne ei daddel til.

Har du ikkje banan og sitron, kan du bruka 3-4 ss yoghurt (naturell eller vanilje).

Vil du ha fleire smoothieoppskrifter, klikk på MATOPPSKRIFTER i menyen og deretter på SMOOTHIES. Eller klikk på HER

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 



2 kommentarar om “Gulrotkake i ein kopp”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: