Gjer sneglerunden til ei lukkestund

Gjer sneglerunden til ei lukkestund

Lukkestund?!! Ekle brunsneglar som gjer at mange gir opp kjøkkenhageprosjektet. “Har du ikkje sneglar?” spør folk. Klart eg har, –  i Stavangers fuktige og milde kystklima. Men mykje mindre enn for nokre år sidan. Innsatsen har nytta.

Kva har eg gjort?

Punkt 1: Eg bestemte meg for å “vinna kampen”.  Å gje opp var ikkje eit alternativ: Har du sett små plantebarn til verda, kan du jo ikkje la dei bli oppetne av rovdyr!

For fem år sidan var det massevis av brunsneglar i hagen min: I beda, under terrassen, i steinmur, i oppkjørsel, under hekken, i kaldkompostbingen, – over alt. Dermed gjekk eg ut kvar kveld med tynne plasthanskar, ei saks og ei isboks fylt med kokande vatn, plukka og klypte i to. Ekstra viktig er det å gå ut når det regnar.

To vårar på rad brukte eg også Nemaslug, eit biologisk middel. Dette får du kjøpt på hagesenter og på Felleskjøpet. Sidan det er “ferskvare”, må du som regel bestilla. Middelet rører du ut i kanner med vatn, og så vatnar du dei områda kor sneglane likar seg best.

Eg utvida også sneglerunden til å omfatta villnisset av ei ubebygd nabotomt (reine snegleoppdrettet) og stripa langs gangstien bak huset.

Ølfeller sette eg også ut (grav ned eit beger med øl), og før eg drog på ferie strødde eg litt Ferramol her og der.

Etter kvart lærte eg meg kor sneglane likte seg aller best, og sjekka ekstra nøye der: For eksempel på påskeliljene. Der det er ein snegel, er det som regel fleire. Legg merke til holete blad, kikk under.

Tidleg innsats viktig

Eg fann også ut at “kampen” må starta tidleg på våren – ikkje vent til du snublar i feite sneglar. Nei, set deg på huk og kikk nøye etter, og plukk dei bittesmå sneglane.

Det er også om våren når plantene er små at dei er mest utsette: Ein svær snegel kan fort setja til livs nokre spirer eller ein liten kålplante. Men når kålplanten har kome i god vekst med godt rotsystem og fleire blad, toler han fint at ein snegel eller to forsyner seg litt av dei nederste dekkblada. Desse kan du plukka vekk etterkvart som dei blir stygge.

Slutt heller ikkje med snegledrepinga når hausten kjem. Mange gjer det når det blir gufse, vått og småkaldt ute.  Men det er utpå hausten at sneglane legg egg. Så jo flinkare du er om hausten, jo mindre blir plaga neste vår.

Javisst nyttar det

Då eg våren 2017 gjorde ein overgrodd leikeplass tvers over gata om til kjøkkenhage, var der tjukt av sneglar, både frå sjølve plassen og frå  nok ei ubebygd nabotomt full av kratt og ugras. Då visste eg at det bare var å plukka og klyppa og ikkje gje opp. Eg var søren meg ute kvar bidige morgon og kveld det fyrste året. Både der og på den nærmaste delen av villnisstomta. Med ein sigd kutta eg ned høgt gras og ugras i ei brei stripe nærmast Leikeplasshagen.

Eg køyrde også på med ein omgang Nemaslug og strødde Ferramol på den den delen av villnisstomta som grensar til Leikeplasshagen.

Den varme og tørre sommaren i fjor hjalp godt på.

Sneglane eller plantene?

I år har eg vore ute dagleg sidan starten på mars, og “fangsten” minkar stadig.  I tørre periodar med sol er der bare nokre få sneglar å finna. Klokka 06:30 i morges låg der rundt 20 sneglar i botnen av boksen etter grundig plukking både i Leikeplasshagen og i eigen hage i regnet.  Så du kan fort tenkja deg kva som hadde skjedd viss eg hadde lete vera. Det er hundre dagar sidan 1. mars. 20 sneglar ganga med 100 blir…. For dei blir bare større og større og fleire og fleire. Du har i grunnen ikkje noko val. Jo: Valet er: Sneglane eller plantene. Då vel eg sjølsagt plantene.

Du gidd ikkje? Orkar ikkje? Har ikkje tid?

Nye blomar kvar dag i staudebedet: Som desse solgule dagliljene. (Bilete: Margunn Ueland)

Lukke

Her er det at “lukkestunda” kjem inn. Viss du tenkjer æsj og uff og dette har eg ikkje lyst til, er det jo inga glede. Snu tankesettet: Det er jo triveleg å ta seg ein runde kvar dag og sjå koss det står til med plantene! Leggja merke til kva som har skjedd sidan sist: Sjå koss deg veks, gleda deg over nyutsprungne blomar, lukta litt på urtene, trekkja inn frisk morgonluft, nappa eit ugras, oppdaga at nå er knutekålen snart klar. Studera doggperlene i marikåpeblada.

Stormarikåpe: Gjer regn og dogg om til perler.

På denne tida er det noko nytt å oppdaga kvar morgon: Den fyrste, store, gule blomen på squashplanten som til og med kom på ein dag med grå himmel og regndrypp. Den hadde eg jo ikkje fått oppleva om eg hadde blitt inne!

Nei, sjå der du! Den fyrste blomen på sommarsquash “Black Beauty”. Glad eg venta til juni med å planta han ut.

Ein annan mørk og våt morgon var det dette synet som fekk hjarta mitt til å gjera eit ekstra hopp:  Lengst bak i staudebedet lyste det flammande rødt: Orientvalmuen var i gang med flamencodansen. Eg trur søren meg han falda seg ut mens eg var der. Eg såg han nemleg ikkje då eg gjekk ut, – det var fyrst når eg snudde meg og kikka på slutten av runden.

Med eit smil om munnen gjekk eg inn og laga meg ein god kopp te. Lurer på kva som ventar meg i morgon?

Ei intens oppleving å oppdaga den fyrste orientvalmuen som falda seg ut ein regntung morgon.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 

 

 

 

 

 



4 kommentarar om “Gjer sneglerunden til ei lukkestund”

  • Så sant og så enig! 😀 Har akkurat vore ein morgontur ute med saksa, så då var dette ekstra oppmuntrende å lese då eg kom inn att. 🐌🐌 Fortsatt fin dag!
    Mari

  • En liten kommentar til Nemaslug.
    I henhold til bruksanvisningen skal du blande ut i vann og vanne denne oppløsningen ut rundt på plen og andre steder sneglene liker seg. Noe som jeg har gjort og funnet ut er mye mer effektivt er å lage en grøt der en blader nemaslug og hiver en skjei med dette under busker og utilgjengelige steder hvor en vet at singler gjemmer seg. Jeg legger også en klatt av denne grøten med et par meters mellomrom langs buskene til naboen. Denne grøten lager jeg av kraftfor (dette liker sneglene veldig godt) blandet med vann noe. Kan også ta havregryn som blandes med vann og ha i litt øl (alkoholfritt fungere veldig bra og er mye billigere enn vanlig øl) Dette for at sneglene skal få lukten av noe de liker. Denne grøtblandingen kan en derfor se forsvinne og en har kontroll med hvor mye sneglene spiser. Til info til folk som ikke har brukt dette er det utrolig effektivt og en pakke mosjoneres opp over mange uker. Nemaslug er ikke farlig for katter, hunder, fugler og andre kryp og kan derfor legges ut med god samvittighet.
    Noe annet som er mye mer effektivt enn Ferramol er SLUX. Det er halvparten i pris og 4 ganger mer effektivt. Av en eller annen grunn må en ha sprøytesertifikat for å få kjøpt dette på eks. felleskjøpet, men vi tilbyr disse blå pelletsene til medlemmer gjennom hagelaget vårt for nettopris til 100 kr pr. kg, Kjenner du noen som kan skaffe deg dette så kan det anbefales da en strør dette utover på samme måte som Ferramol.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: