Lysegrøn, sukkerfri kremsmoothie

Lysegrøn, sukkerfri kremsmoothie

Nei, det er ikkje kremfløyte i denne smoothien. Det er avocado som sørgjer for den fløyelsaktige konsistensen.  Spinat gir den nydelege fargen. Spinat og avocado må friskast opp med noko syrleg:  Kiwi ordnar det. Pluss to ingrediensar du kanskje ikkje har brukt i smoothiar før som gjer at du slepp å bruka “sukkerjuice”!

Kombucha og bittelitt økologisk rå eplecidereddik. Kjempelurt å bruka i staden for eplejuice: Gir liknande smak, men inneheld null sukker. Derimot får du i deg probiotika (gode tarmbakteriar). Best passar kombucha laga av grøn te (kombucha er fermentert te).

Har du ikkje kombucha – dei færraste har det – kan du bruka eit eple og meir mandelmjølk. Heil frukt er betre enn å drikka juice: Då får du i deg fleire næringsstoff, mellom anna fiber og antioksidantar og meir vitaminar. Juicen du kjøper er varmebehandla – det er derfor den er haldbar så lenge. Har du juica sjølv, vil du sjå at juicen skil seg etter ei stund.

Mørkegrøne blad er noko av det sunnaste du kan få i deg: Spinat inneheld både A-, B- C- og K-vitaminar og mineralar som jern, mangnesium, kalium og sink. I tillegg får du “mirakelstoffa” (fytokjemikaliar) lutein og zeaxanthin som er viktig for godt syn, altså for augene dine.

Får du lett krampe? Et meir mørkegrøne grønsaker.

Kiwi byr også på C-vitaminar og på mineralet kalium.

Eg tilset alltid ei eller anna form for sunt plantefeitt i smoothiane: Avocado og ulike slag frø og nøtter er gode val.

OPPSKRIFTA:

  • 3 dl spinatblad
  • 1 kiwi
  • 1/2 avocado
  • 3 dl kombucha (helst av grøn te)
  • 3 dl mandelmjølk
  • 1/2 ts økologisk, rå eplecidereddik
  • Ha alt i blendar og køyr til alt er knust og godt blanda.

Mmm….tenk at noko så sunt smakar så godt!

PS: Baskilium i skåla på biletet, altså ikkje spinat.

Er du så heldig å ha spinat i kjøkkenhagen, plukk inn masse nå før spinaten går i stokk. Og hugs å så masse spinat i august!

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Lysegrøn, sukkerfri kremsmoothie”

  • Hei Margunn,
    Elsket kombucha, men måtte hive min i fjor høst da den utrolig nok ble infisert av bananfluelarver 😱 Vet du tilfeldigvis hvor jeg i Stavanger kan få tak i en ny scoby?
    Hilsen Anne

    • Hei! Kjem fort bananfluer på kombucha om du ikkje passar på å dekkjer godt til… SCOBY: Legg inn spørsmål i FB-gruppa Tradisjonsmat i Rogaland. Eg gav nett bort den eg hadde til overs..

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: