Vil du verkeleg ikkje ha slike tomatar?

Vil du verkeleg ikkje ha slike tomatar?

“Skulle dei kasta desse fine tomatane?” Sofie blir opprørt: “Det går jo ikkje an!” Tonnevis med grønsaker og frukt blir kasta fordi dei ikkje ser ut som det som er definert som den “perfekte” standardtomaten. Butikkane trur tydelegvis at me ikkje vil ha dei då. Men det vil me!!

“Kvifor vil ikkje butikkane selja desse?” spør Sofie.

Ein grunn er at dei ikkje har den “rette” fasongen. Det kan vera ein vanleg tomat som er blitt så stor at han er større enn standarden og liknar meir på ein liten bifftomat. I søpla med han.

Eller to tomatar kan ha vakse saman slik at tomaten ser ut som ei rumpe. Ikkje godkjent!

Men mykje kulare, synes Sofie: Og sjå den: “Likar på eit hjarta, den vil eg ha!”

Og den artige der:  Ser litt ut som eit tomatfjes med ein liten nase.. Sofie, tek ein og ein tomat ut av ei svær korg og stablar dei på bordet.  Desse skal i alle fall ikkje kastast!

Ein annan grunn til at tomatar som dette blir kasta, er at dei har ein liten flekk.

Det går jo ikkje an å kasta desse! Og den svarte flekken der kan me jo bare skjera vekk! Sofie studerer “søppeltomatar” og legg ein plan… (Bilete: Margunn Ueland)

Perfekt??

Koss har tomatane hamna på vårt bord? Lasse ein kjekk ung kar frå Rennesøy som bur her i gata. Foreldra hans har gard og veksthus på Rennesøy. Han er ofte heime og hjelper til og tek då gjerne med tomatar til oss. Knallgode!

Bare gildt, sa han, me må kasta mange uansett. Me gir også til sauene. Me får nemleg ikkje levert 2-sorterings tomatar lengre. Altså tomatar som ser litt annleis ut enn den “perfekte” tomaten, forklåra han og viste.

Eg kjende eg blei sint. Kven i alle dagar er det som trur at me forbrukarar ikkje vil ha slike tomatar? Alle som har dyrka tomatar eller andre grønsaker eller frukt – veit jo at ikkje kvart eksemplar ser like ut! Nokre er små, nokre middels, nokre store, nokre “vanlege”, nokre rare, nokre har ein prikk eller ein flekk. Det er naturleg! Naturen er mangfaldig!

Men her skal me altså bare kunna kjøpa ein standardtomat?? Resten skal kastast? Hallo folkens, vil me det? Har me bede om dette?

Eller har me blitt så vande med å sjå standard-grønsaker og -frukt i butikkane at me blir skeptiske når nokre ser litt annleis ut?

Sei i frå, bruk kundemakta di

Me vil kjøpa slike tomatar! Mor til Sofie -Marte Bøe og eg gav Lasse beskjed. Trur du ikkje han kom med ein stor kasse. Eg delte ut til dei som kom innom og til bonusdøtre, fortalde koss dette hang saman og gav alle streng beskjed om å seia frå i butikkane om at dette likar me ikkje i det heile teke.

Bonusdotter Marte kunne då fortelja at på Bunnpris sel dei såkalla “snål” frukt og “snåle” grønsaker til lågare pris. Heia Bunnpris!

Håpar fleire butikkkjeder vil gjera det same.

Er du ikkje einig? LIK OG DEL OG SEI I FRÅ!!! #jatilsnålmat #neitilmatsvinn

Sofie fann ein lur måte å gjera opprør på: Ho fylte ei korg med tomatar, tok seg ein runde i nabolaget, ringde på dørene: “Vil du kjøpa desse fine tomatane som butikkane ikkje ville ha?” Og det ville naboane. Sjøl om Sofie tok fire kroner for tomaten…

Heia Sofie!

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



4 kommentarar om “Vil du verkeleg ikkje ha slike tomatar?”

  • Ja dette har alltid opprørt meg. Utdannet meg til gartner i -86 og -87. Lærte da om Norsk Standard for blant annet tomater. NS for tomater sa blant annet at tomaten skulle bare ha 2 frørom. Jeg var målløs. Dette kommer altså opprinnelig fra Norsk Standart som staten har bestemt. Mangfold er noe dritt… Skrekk og gru!

  • Her i England selger Aldi “wonky” bær for tiden. Lidl selger krøkkete frukt og grønt både her og i Spania. Så det er på vei til å bli et bedre liv for gårdbrukerne. Andre supermarkeder finnes også, men jeg handler ikke mye der…

    • Hei og takk for kommentar. Det er jo heilt idiotisk å laga standard for koss frukt, bær og grønsaker skal sjå ut. Naturen er mangfaldig! Industriproduksjon kan standardiserast, ikkje naturen! Håpar me forbrukarar vil bry oss meir om maten er fri for kjemikaliar og mindre om fasongen..

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: