Sjå koss det går i kjøkkenhagen

Sjå koss det går i kjøkkenhagen

Hastverk er lastverk med mais og graskar. Kål er konge i kulda. Best har det gått med dei eg planta ut i april, dårlegaste med dei eg planta i mai. Det er kortversjonen av svaret på spørsmålet om koss grønsakene eg planta ut i april og den 18. mai har klart seg til nå. Her får du rapport med mange ferske foto:

MAIS: Var så fin då eg planta ut i varmen den 18. mai, men så blei det unormalt kaldt resten av månaden, ned i 5 grader. Maisen likar seg dårleg på temperaturar under 10, dermed blei han temmeleg gul.. Nå er eg spent på om han kjem seg nå som temperaturane går opp.

GRASKAR: Det same skjedde med tre graskar “Tom Fox” og tre graskar “Uchiki Kuri” som eg planta ut same dag. Gulna i blada. Veksten stagnert. For kaldt… Eg burde i det minste ha dekka dei til, men eg må vedgå eg blei lei av å springa inn og ut med fiberduk osv i starten av mai, og let det stå til… Heldigvis har eg tre graskar i reserve som eg let vera å planta ut.

Stakkars graskar “Uchiki Kuri” har hatt det så kaldt at blada har blitt gule. Men solsikkene som blei planta ut same dag, er grøne og fine. Bak i kassar ser du frodige “Sukuma Wiki”, ein kenyansk grønkålsort. Den gulblømande planten er overvintra spisskål “Kalibos”. Til høgre: Poteter. (Bilete: Margunn Ueland)

FRILANDSAGURK: Altfor kaldt å planta ut nå, sa eg til Mariell på Selvåg hagesenter under kjøkkenhagearrangement i april. Dermed fekk eg med meg plantane heim, og hadde dei i drivhuset til den 18. mai. Då var dei frodige og fine, men etter fleire netter på 5 grader utan dekke, blei dei miserable: Blada blei ikkje bare gule, men brune og kvite og plantane nærmast krympa…. Stakkars! Eg har plukka vekk dei styggaste blada, så nå ser dei heilt krøpling ut med lange stilkar og nokre vesalege blad i enden. Akk ja. Eg sådde nye her om dagen. Innandørs. Dei skal få stå i drivhuset til eg er SIKKER på at det ikkje blir kaldare enn ti grader. Om det går an å vera sikker på det, då…

Her har eg skrive blogginnlegg på blogginnlegg om at me ikkje må så graskar, squash, mais og frilandsagurk for tidleg fordi dei ikkje kan plantast ut før temperaturen er over ti, og så “drit eg på draget” i siste runde. I mai går det tydelegvis ikkje an å vera optimist og utolmodig.

SQUASH: Heldigvis planta eg dei ikkje ut, bare flytta dei over i store potter som fekk stå i drivhuset på kalde netter og ute på terrassen på dagar over ti grader. Grøne og fine og i god vekst.

Gulbete og fennikel planta ut den 18. mai.

FENNIKEL: Greier seg brukbart. Eg synes dei er så fine med dei grøne duskane sine.

STANGSELLERI: Tja, njei, synes det går litt tregt.

GULBETER: Ser litt puslete ut, ja. Sort: “Burpees Golden”, sådde i drivhuset den 18. mars.

SOLSIKKER: Står kraftige og fine. Skal ikkje bli meir enn 50 cm høge. Knopp på nokre av dei. Eg sådde dei i små potter i drivhuset den 18. mars. (sjå foto lenger oppe)

Det var det eg planta ut den 18. mai. Over til det eg planta ut i påska: 

Grønkål “Ragged Jack”. Har alt laga mange smoothiar og fleire liter grøn juice av denne.

GRØNKÅL:  Står kraftig og fin. Likar seg vel så godt når det er kjøleg som når det er varmt.   Det er bare å bryta av eit par blad på kvar plante, så veks nye ut.  Sortane eg planta ut i april, var “Red Russian/Ragged Jack” og “Sukuma Wiki”.

KNUTEKÅL: Snart klare!  Eg sådde både den lilla “Wiener Blå” som eg hadde i fjor pluss “Wiener Vit” og “Noriko”. Eg veit faktisk ikkje om det er “Vit” eller “Noriko” på biletet.

Knutekål: Snart klar til å etast. Søt, ikkje sant?

SPISSKÅL: Sorten “Early Jersey Wakefield”. Veks godt. Tidleg og god sort som eg har vore godt nøgd med tidlegare år.

KÅLROT: Sorten “Brora”. Kraftige blad i alle fall, håpar rota også blir stor! Litt “lavjete” i veksten, gjer seg på langt nær like godt som pynt i beda som knutekål og grønkål, men ja, ja, må jo ha kålrot. Kålrabi, seier me her i Stavanger. “Kohlrabi” er det engelsmennene kallar knutekål. Kålrot kallar dei “Swede”.

BROKKOLINI:  Får massevis av bittesmå brokkoli som du må eta straks (gode til pasta etter eit lite minutt på panna med olje og kvitløk). For før du får sukk for deg, blir dei til gule blomar. Det same skjedde i fjor då mai var uvanleg varm. Sort: “Quarantina”. Etandes, ja. Smakar godt. Fine i salatskåla. Men, litt irriterande at dei går så fort i blom. Dessutan trong eg plassen til å planta ut meir fennikel pluss sommarblomar,  så i går måtte dei til pers. Begynte med å kappa dei opp og hiva dei i komposten, men kom så på at det sikkert gjekk an å juica stilkar og blad. Det gjekk jo bra! (i sentrifugejuicar, nyttar ikkje i slowjuicar).  Blomane putta eg i blendaren med eple, sitron, ananas og avocado. Blei god smoothie!

Gul løk frå setteløk som me tjuvstarta med – dvs. sette i kassar i drivhuset i mars. Planta ut i påska.

LØK: Gul og rød løk og sjalottløk frå setteløk. Veks bra, eg klypper stadig litt grønt her og der i tuppane.  Har planta masse løk, bare oppdaga tre som var i ferd med å gå i stokk.

Bladpersille: Dette var bare ein liten såkasse med spirer i påska…

BLADPERSILLE: Sorten “Gigante D Italia”, eg fylte ein pallekarm med denne kjempegode persillen. Har vakse jamnt og trutt. Dyrka den i fjor også, og utropte han til årets beste krydderurt.

SELLERIROT: Frykta sellerirøtene skulle gå i stokk på grunn av maikulden, men det har dei heldigvis ikkje gjort. Ennå ikkje i alle fall.

Rødbetblad er så fine!

RØDBETER: Trur nok veksten gjekk i stå i dei kalde periodane, men kjem seg nå. Har heldigvis ikkje gått i stokk.

JORDEPLE/POTETER: Veks som bare det, både “Arielle” og “Solist”. Ikkje bare der me sette poteter, men også der me ikkje gjorde det. I år. Men der me hadde jordeple i fjor.. Går fort når dei fyrst har kome opp/dvs. når blad har kome opp or jorda.

DETTE HAR EG ETE OPP:

Pak Choi

Spinat

Rukkola og orientalsk salatmix

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 

 

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: