Rabarbrapai med jordbær og mynte

Rabarbrapai med jordbær og mynte

Sommarsmak x 3: Rabarbra, jordbær, mynte…. Her er ein ny og sunnare vri på rabarbrapaien. Denne er utan kvitt sukker og kveitemjøl og med meir frukt. Det vil seia: Rabarbra er jo ein grønsak.

Ingrediensar:

  • 600 gram rabarbra
  • 10 store jordbær
  • 1 neve hakka mynte og kjørvel (har du ikkje kjørvel, bruk bare mynte)
  • 3 ss kokossukker
  • 2 heile stjerneanis (kan droppast om du ikkje har)
  • 1 ts kanel
  • 1 ts vaniljeessens
  • 75 gram smør
  • 1 dl sukrin
  • 2 ss lønnesirup
  • 2 ss fløyte
  • 1 ss potetmjøl
  • 1,5 dl kokosmasse
  • 1 dl mandelmjøl
  • 1/4 ts bakepulver

Framgangsmåte:

  1. Smør ei eldfast form med kokosolje eller smør eller rapsolje.
  2. Skjer rabarbra i tynne skiver/bitar og ha i forma saman med jordbær som du har delt i to og hakka urter.
  3. Strø over kokossukker og kanel, drypp over vaniljeessens og legg oppi stjerneanis.
  4. Strø så over 1 ss potetmjøl på toppen av rabarbra og bær.
  5. Bland kokosmasse, mandelmjøl og bakepulver i ein bolle.
  6. Smelt smør, sukker og sirup i ei gryte.
  7. Ta gryta frå varmen, ha i fløyten og rør inn “mjølmassen”.
  8. Fordel deigen på toppen av rabarbra og jordbær. Bruk gjerne ein kniv eller slikkepott.
  9. Steik på 200 grader til paien blir gyllen og rabarbraen er mjuk. Tek om lag 20 minutt.

Godt servert med creme fraiche som i motsetning til vaniljeiskrem ikkje inneheld sukker.

Denne smaka også godt kald dagen etter.

Rabarbra er lettstelt, og du kan laga mykje godt! Blada har du sjølvsagt i komposten..

Sunt og godt

Rabarbra er ein grønsak som inneheld uhyre få karbohydratar og kaloriar, samstundes som han er rik på både A-, B- og C-vitaminar pluss mineral som jern, magnesium, kalsium og kalium.

Den sure smaken kjem frå eplesyre og oksalsyre. Oksalsyre kan binda kalsium og danna nyrestein. Derfor skal du ikkje eta store mengder rabarbra om gongen. Har du nyrestein eller urinsyregikt, bør du la vera å eta rabarbra.

Best før jonsok?

Fyrst skreiv eg at rabarbraen er best før jonsok (St. Hans). Då fekk eg hyggelege meldingar frå meir erfarne rabarbradyrkarar enn meg – Ann-Kristin Snipsøyr og Heidi Gråwe – som kunne fortelja at rabarbraen er god også etter jonsok. Så nå har eg fjerna den setningen.

Grunnen til at mange trur at rabarbraen er best før, er at han blir meir trevlete og sur jo lenger han står. Men dersom me haustar jamnt og trutt, unngår me det, pluss at me får mykje meir rabarbra. Fjern også alle blomsterknoppar, er deira råd.

Men skal du nyta rabarbra frå tidleg vår til utpå hausten, bør du sørgja for at rabarbraen har godt med næring – kompost er supert.

Fin å frysa

Har du ikkje tid til å koka suppe, grøt og pai eller baka kake nå, går det fint an å frysa rabarbra.

HER ER DEN FYRSTE OPPSKRIFTA PÅ RABARBRAPAI

OPPSKRIFT PÅ MEGASTOR PORSJON RABARBRASUPPE

HER KAN DU LESA KVA EG HAR GJORT FOR Å FÅ KRAFTIGE RABARBRAPLANTER

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 



2 kommentarar om “Rabarbrapai med jordbær og mynte”

  • Deilig med rabarbrapai, jeg flyttet en rabarbraplante fra Oslo og hit i fjor, den har klart seg godt og vokser fint, men lurer litt på om jeg kanskje skal la den få stå i fred til neste år. Ha en fin dag, hilsen Ingeborg

    • Hei! Du har jo vel så god greie på fleireårige grønsaker som meg! Dersom han veks fint som du seier, hadde eg nok plukka inn litt, ja. Lettare for deg å bedømma, du ser jo kor godt han veks. Fin dag til deg også. Regnar her, men heldigvis ikkje så kaldt som i mai..

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: