Kva tid skal me tynna eplekart?

Kva tid skal me tynna eplekart?

Straks epletrea er ferdige med å bløma, dannar det seg bittesmå kart. Sit dei tett i tett, er det lurt å  knipa vekk ein god del. Kvart av dei skal jo bli eit eple, og det treng plass! Bra å ta dei nå, så slepp treet å kasta vekk krefter på å bera fram kart som me må fjerna likevel, tenkte eg. Til eg fekk besøk av Mohammed frå Syria.

“Ikke bra”, sa Mohammed og rista på hovudet. Eg forstod ikkje heilt, det var ikkje lett for han å forklara på norsk. Eg hadde gjort det same i fjor og året før, og fekk enormt med eple begge åra. Men han smilte venleg og tok bestemt handa mi vekk frå babyeplekarta.

Eg serverte kaffi og Mohammed viste foto av bølgande marker og skråningar med bugnande frukttre: Oliven, eple, appelsin, kirsebær. Han hadde 500, broren 500, faren 700. Dette hadde han måtta flykta frå.

Nå er Mohammed i arbeidstrening på Bergeland bydelssenter som er i ferd med å laga ein flott hage. Det var Eldbjørg Bonner Hay på senteret som tok med seg Mohammed på “inspirasjonsbesøk” til meg.

Her er forklåringa

Mohammed hadde heilt sikkert rett. Han var jo ekspert. Men eg trong ei forklaring: Eg slo opp på Rogaland fruktdyrkarlag, og ringte til Anne Norunn Helgøy frå Helgøybakkane Fruktgard, som sa det slik:

Det er best å venta til midten eller slutten av juni når karta har blitt som store druer. Det er av to grunnar: Treet kastar alltid en del sjølv. Dessutan er det ikkje alle som det blir noko av. Å tynna nå er derfor meir jobb enn du treng gjera, pluss at det er synd viss du sit att med noko treet kastar likevel.

Eg smilte: Dermed sparte eg meg for ein del arbeid, og det er jo greit når mindre arbeid fører til betre resultat!

OBS!

Og når du tynnar, er det viktig at du ikkje riv av store klasar. Knip av med tommeltotten heilt inntil eplet, ikkje der stilken er festa i greina, var neste råd frå fruktdyrkaren på Helgøy. TAKK!

Kvifor skal me tynna? Veks epla for tett, vil du få små eple som ikkje får så fin farge og så god smak. Dei vil også vera meir utsette for sjukdom. Greinene kan også bli for tunge og knekka.

Kor sterke greinene er, spelar også inn: Eg let det gamle treet med kraftige greiner bera fram fleire eple pr. grein enn tynne og mjuke greiner på unge tre.

Gjekk heldigvis bra

Eg er letta og glad over at mest kvar ein blom er i ferd med å bli kart. For mesteparten av bløminga foregjekk jo då det blei unormalt kaldt dei fyrste vekene i mai. Blømande epletre i snøbyger har eg aldri opplevd før. Heldigvis unngjekk me minusgrader, og blomane blei ikkje skada.

Det eldste og største epletreet fotografert den 3. mai.

Men ville der vera nok bier og humler til å bestøva blomane i kulden? Tydelegvis. Glad eg har planta stauder som blømer i blått i mai rundt epletrea i min hage. Og i Leikeplasshagen veks det tjukt i løvetann på villtomta ved sida av. Det likar humlene og biene.

 LES OGSÅ: 

Epletrea våre, fire gode sortar

Dei tidlege maistaudene

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Kva tid skal me tynna eplekart?”

  • Så gode råd du kommer med! jeg har et helt nytt epletre, det har vært fullt av blomster, og fikk råd av Morten Bragdø om å tynne blomsterklasene (det skulle være 20 cm mellom hver). Nå lurer jeg på om jeg bør ta bort flesteparten av kartene også, siden dette er første år. Jeg har jo lyst på noen epler, men bør kanskje begrense meg? Anita, Drivhuset mitt. 🙂

    • Hei Anita! Så kjekt å fylgja med på alt du får til. Eg hadde nok tynna eplekarta ja, men vent nokre veker. Kor mykje er vanskeleg å seia nøyaktig, tenkt at greinene skal greia å bera frukta. Du ser best koss greinene er.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: