Bladpynt på trappa

Bladpynt på trappa

Bronseblad heiter denne staselege planten som pyntar inngangspartiet vårt. Ein staude som kjem att år etter år. Halde ut i denne kassen har han gjort i snart tjue år. Sola kjem bare til tidleg på dagen, så det nytta ikkje med sommarblomar. Bronseblad derimot, likar godt skugge.

Han kjem nok til å bli ståande i kassen i mange år til, for ikkje anar eg koss eg skal få han ut, så svær han har blitt.  Kravstor er han altså ikkje. Mens dei fleste stauder helst må delast og plantast om etter nokre år, kan bronseblad bli ståande på same plassen i årevis. Ja, planten likar det best slik.

Det einaste han ber om, er ei stor kanne med vatn i veka frå april til oktober. Skjønt, det har gått greit om eg har gløymd det innimellom også. Glad blir han om eg tilset litt gjødsel i kanna i ny og ne.

Staudepynt på trappa: Bronseblad i kassen, hagearuriklar i krukkene. (Foto: Margunn Ueland)

Eg likar såkalla bladstauder, det vil seia stauder som me fyrst og fremst har på grunn av dei dekorative blada. Dei er fine over mykje lenger periode enn dei som me har fordi dei har så fine blomar.

Bronseblad har også blomar: Store, gulkvite, spirliknande klasar. Dei to fyrste er alt på veg – ser du dei på biletet oppføre? Men blada er vel så flotte å sjå på som blomen. Særleg nå om våren kor bronsefargen er mest intens. Seinare går dei over i meir grønt.

Dette er koreabronseblad (Rodgersia podophylla). Kastanjebronseblad (Rodgersia aesculifolia) er i den same planteslekta, men blada ser meir ut som blada på kastanjetreet.

Skal du planta bronseblad i bed, gje dei djup, humushaldig, litt fuktig jord. Bland gjerne inn kompost og lauv. Dette er ein typisk skogbrynplante. Men hugs, han likar ikkje for mykje graving rundt seg. Han vil ha fred!

Ein grunn til at han har likt seg så lenge i kassen på trappa, er nok at eg fylte den djupe kassen med massevis av heimelaga kompostjord.

Her på trappa har han har fått selskap av nokre krukker med hageaurikkel.  Dei mørke fargetonane på begge to gjer at dei passar bra i lag, synes eg. Om hageaurikkel kan du lesa meir i dette blogginnlegget om dei tidlege maistaudene. 

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: