Urteolje på 1-2-3

Urteolje på 1-2-3

Tenk deg denne dilloljen (til høgre på biletet) som smaragdgrøne perler i fiskesuppa og korianderoljen i wok eller på salatar..  Lekkert? Du vil ikkje tru kor fort og lett det var å laga. Dette må du prøva! Du kan bruka dei urtene du har: Persille, basilikum, grasløk osv.. Framgangsmåten er den same.

Eg lærte det på kurs med Arve Serigstad i Arves Mat på Selvåg gartneri og hagesenter (Stavanger) i går.

Han tok tre potter med estragon og køyrde urtene i ein god blendar med 7 dl nøytral olje (raps er eit bra alternativ) pluss to nevar spinat. Spinat for å gje oljen ekstra grønfarge – det er nemleg ikkje like mykje grønfarge i alle urter sjølv om dei alle ser grøne ut, forklara han.

Deretter varma han urteoljen opp, og straks skilde han seg. Så tømde han den varme oljen gjennom ein tøysil – kaffefilter held ikkje.  Akk ja, tenkte eg, må eg nå gå til innkjøp av tøysil. Heldigvis sa Serigstad at det går an å bruka kjøkkenhandklede.

Oljen blei vakker grøn og Arve helte alt over på flaske med tut. I silen lå planterestane att – dei kan me bruka i supper og pesto, tipsa han.

Vel heime kikka eg på dillen i den eine terrakottapotta som var i ferd med å bli litt mykje stilk. Eg køyrde han i den vesle blendaren min med rapsolje og to unge blad bladbete, varma opp, silte av. Blei nydeleg olje.

Meir, eg ville meir: Augene fall på baljen med koriander: Frynseproduksjonen var i ferd med å avtapp også der (“Confetti” er ein sort koriander med frynsete blad), og eg hadde jo  ein annan balje med den vanlege sorten. Dermed fall “Confetti” for kniven og hamna i blendaren saman med to unge grønkålblad (hadde ikkje meir spinat).

Ferdig dillolje i det vesle glaset. Koriander blenda med olje og tømt over i gryta.

Dermed noterte eg denne OPPSKRIFTA:

Ingrediensar: 

  • 3,5 dl koriander
  • 2,5 dl rapsolje (det var det eg hadde att, kunne muligens brukt meir)
  • 1 neve spinat (det gir nok finare farge enn grønkål)

Framgangsmåte:

  1. Kjør i blender til alt er knust og godt blanda.
  2. Varm opp, treng ikkje koka. Sjå at det skil seg (oljen skil seg frå planterestane som inneheld vatn)
  3. Sil gjennom tøysil eller kjøkkenhandklede.
  4. Ha på glas eller flasker.  Avkjøl før du set på lok.
Ser du det har skild seg? Siler gjennom reint kjøkkenhandklede.

Det var faktisk like lett som det såg ut då Arve demonstrerte. Det som ikkje var like lett var oppvasken. Han hadde nemleg Mariell Klungtveit på hagesenteret som tok seg av den. Både kjøkkenbenken og vasken min blei temmeleg fettete ja. Det var faktisk vaskinga som tok lengst tid, det andre gjekk jo på 1-2-3! Pluss at etterpå måtte eg til butikken, for eg var gått tom for olje. Og i klesvasken ligg to grøne kjøkkenhandklede…

Kor lenge er olja haldbar? I fleire månadar. Så lenge olja smakar og luktar godt og ikkje vondt, var svaret til Arve.

BRUK:  I matlaging, til både varme og kalde rettar.

Lysegrøn majones

TIPS: Arve Serigstad (Sjå Facebooksida Arves Mat) laga lysegrøn grasløkmajones ved å piska to eggeplommer med 1 ts dijonsennep, 1 ts økologisk eplecidereddik og grasløkolje. Viktig å ikkje hella på for mykje olje i starten. Smak til med sitron.  NB! Olja må vera kald når du skal laga majones.

I kjøleskapet stod eit lite glas persilleolje som eg fekk av Mariell i vinter, som eg har bare har unna meg litt av for å ha dei dyrebare dråpane lengst mogeleg. Nå hamna resten i skåla saman med eggeplomme osv.. Majones til skiva med basilikum og tomat blei det, men lysegrøn blei han ikkje. Kanskje Mariell ikkje hadde hatt spinat i olja?

ER DU GLAD I KORIANDER? Her får du dyrkingstips: KORIANDER, TØFFARE ENN DU TRUR!

FLEIRE URTETIPS:

ELSKOVSURTEN

LØPSTIKKESUPPE

Selvåg gartneri og hagesenter i Stavanger (ligg mellom Store Stokkavatn og Hålandsvatnet) har fleire arrangement verd å koma på. SJÅ OVERSIKT HER.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: