Pippi&pappa-smoothie

Pippi&pappa-smoothie

Pippi er sterk og far hennar “Sydhavskonge”. Dermed måtte det bli namnet på denne lysegrøne, kremete smoothien med sydhavsfrukter og babygrønkål. Ein skikkeleg styrkedrikk!  Prikken over i-en er ein ingrediens du kanskje aldri har prøvd før i smoothie….

Er det ikkje herleg? Ikkje før har eg ete opp fjorårets grønkål, så kan eg begynna å hausta frå dei eg sådde i mars og planta ut i påska. Skikkeleg snadder.

Blada med lilla nerver til høgre, tilhøyrer knutekål. Bak glaset ser du grønkålen eg brukte, rød russisk “Ragged Jack”. Den veks fort, er mild og god på smak.

Her er oppskrifta:

  • 2 dl babygrønkål
  • 2 dl frosen ananas i bitar
  • 1 ss kokosmasse/kokosflak
  • 6 ss kefir
  • 3 dl mandelmjølk
  • 1 sitronbåt utan skal
  • 1/2 banan
  • 1/4 avocado
  • Prikken over i-en: 1 kvast koriander (Eg elskar koriander, andre hatar koriander. I så fall, prøv med mynte i staden!)

Ha alt i ein god blendar og køyr til alt er godt knust og blanda. Smak gjerne til: Litt meir sitron om du vil ha drikken syrlegare, litt meir banan om du vil ha han søtare, meir avocado om du vil ha han tjukkare.

PS: Ein drikk som også dei gode bakteriane i kroppen din vil elska! Dei som fordøyer maten din og vernar deg mot sjukdom. I motsetning til brus som er mat for dei bakteriane som gjer deg slapp og sjuk.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: