Koriander, tøffare enn du trur!

Koriander, tøffare enn du trur!

Koriander, eg elskar både lukta og den krydra, sitrusaktige smaken. Lett å dyrka er han også. Om du gjer det på rette måten. For denne krydderuterten er slett ikkje så skjør som han ser ut!

Sidan han ofte blir brukt i mat frå varme delar av verda, trudde eg koriander ville ha det varmt. Derfor venta eg til slutten av mai med å så, og let han stå i drivhuset etter at han hadde spirt.  Det var fyrste gongen eg prøvde meg på denne urten, og det blei ikkje vellukka. Det blei nokre spinkle planter. Eg rakk så vidt å plukka nokre små blad før han skaut opp stilkar med små kvite blomar som så blei til frø. Ja, ja, frøa er jo gode når eg skal laga indiske gryterettar trøysta eg meg sjøl med.

Då eg på seinsommaren sådde ny runde med salat og spinat i baljane mine, strødde eg ut nokre korianderfrø i den siste baljen. Kunne jo ikkje gje meg så lett…  Baljane sto ute. Då fekk eg skikkeleg koriander! Friske, kraftige blad som heldt seg heile hausten! Då kulegradene kom, flytta eg baljen inn i drivhuset (dette var det vesle, gamle drivhuset mitt utan varme), og der sto korianderen grøn og fin til nyttårshelga.

Så nå sår eg koriander både tidleg på våren og om seinsommaren. Breisår i baljar som eg let stå ute. Frøa er lette å så, dei er såpass store at du greier å så tynt nok.

Nå klypper eg meg ein neve med duftande koriander kvar dag. Kjem nok til å ta endå meir framover, må jo brukast opp før han skal bløma – håpar det ikkje blir før i juni.

Eg har prøvd to sortar: Denne med frynsete bladverk som heiter “Confetti”, og “Leisure” som har blad som liknar på bladpersille. Det siste er nok mest vanleg.

Kva sort eg likar best? “Confetti”.

LES MEIR OM KRYDDERURTER:

ELSKOVSURTEN

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 



2 kommentarar om “Koriander, tøffare enn du trur!”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: