Løpstikkesuppe

Løpstikkesuppe

Aldri prøvd løpstikkesuppe? Då er det på tide. Med denne urten frå du ei smakfull og god suppe ut av vanlege og billige ingrediensar som løk og potet. Heldige oss som har denne fleirårige, hardføre urten i hagen!

Den stod endåtil høg og frodig høgt til fjells i urtehagen til Sirdal Fjellmuseum kor eg var på laurdag og heldt kjøkkenhageforedrag. Vel framme fekk me servert den beste løpstikkesuppa eg nokon gong har smaka.

Renate Albrigsten serverte nydeleg løpstikkesuppe laga med løpstikke frå urtehagen til Sirdal fjellmuseum.

Eg bad Renate Albrigtsen i “Smak Sirdal” om oppskrifta. Den hadde ho jo bare i hovudet, men ho ramsa opp dei vanlege ingrediensane: Løk, stangselleri, smør, løpstikke, potet, grønsaksbuljong. Løpstikken var frå urtehagen ute.

For ein fin urtehage Sirdal fjellmuseum på Kvæven har! Mange ulike, her snusar eg og Invild Fagersheim Skadberg frå museet på bergmynte (oregano). (Foto: Ingrid Fagerheim)

MEN: I staden for fløyte, brukte ho creme fraiche, slik at suppa fekk ein litt syrlegare og friskare smak. PLUSS: Ho hadde ikkje bare kraft/buljong oppi, men også ein god del kvitvin.

AHA! Det måtte eg jo prøva i dag:) Men ikkje hadde eg kvitvin, og ikkje hadde eg creme fraiche, så eg klekka ut min eigen vri. Kjempegodt blei det! (mi suppe på oppslagsbiltet)

Takk Sirdal for inspirasjon!

Ingrediensar:

  • 50 gram TINE meierismør
  • 2 gule løk
  • 4 fedd kvitløk
  • 2 dl grovhakka stangselleri (hadde i fryseboksen frå fjorårets avling)
  • 1,5 dl grovhakka løpstikke
  • 5 jordeple/poteter (om lag 1/2 kilo)
  • 7 dl kraft (Eg har nokre boksar med kraft kokt på bein i frysa. Du kan bruka kokande vatn og 2 buljongterningar/-pulver – grønsak eller kylling-  staden for)
  • 3 dl H-mjølk
  • 2 ts rå eplecidereddik

Framgangsmåte:

  1. Skrell og hakk løk og  kvitløk.
  2. Set ei god gryte med tjukk botn på plata, smelt smøret og surr løk og kvitløk på middels til svak varme. Skal ikkje bli brunt, bare litt mjuke og blanke og lett gylne.
  3. Skjer opp stangselleri og la det surra med litt.
  4. Skrell potetene og skjer dei i bitar.
  5. Grovhakk løpsstikke.
  6. Ha poteter, løpstikke og kraft i gryta og la koka til potetene er mjuke.
  7. Ha i mjølk og kok opp.
  8. Smak til med peppar og eddik.
  9. Ta gryta av plata, finn fram stavmiksaren og mos til du får ei kremete suppe.
  10. Pynt med eit lite løpstikkeblad og server gjerne godt brød med meierismør til.

PS: Eg eksperimenterte med å ha ein skvett kefir i suppetallerkenen min som eg rørte ut i suppa, og det blei slett ikkje verst. Men best utan.

Det blei nok til 5-6 porsjonar.

Løpstikke. (Foto: Margunn Ueland)

Her kan du lesa meir om denne fabelaktige urten: ELSKOVSURTEN 

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: