Har du dyrka jordskokk?

Har du dyrka jordskokk?

Poteter, løk, sukkererter, bondebønner, grønkål, bladbete, løpstikke … Eg hadde snakka i det vide og det breie over vekster som er greie å dyrka sjøl for ferskingar under kjøkkenhageforedraget mitt på Jærdagen i dag: Så kom dette spørsmålet frå Sverre August Ulland: “Har du prøvd jordskokk?”

Knallgodt spørsmål, for det må vera det aller lettaste å dyrka vart me einige om, – i alle fall om du vil ha snadder mat og bruka lite tid på å dyrka. Mat som er sjeldan å få kjøpt i butikkane.

Gildt å dela råd og tips på foredrag, men jammen får eg fine spørsmål og kommentarar også! Som på Bryne i dag under Jærdagen.

For det er bare å grava ned nokre knollar og så gløyma heile greiene. Så veks det opp ein liten “skog” eller “hekk” – spørs om koss og kor mange du har planta – av planter som liknar på høge solsikker, bare med mindre blom.

La dei stå. Kapp dei ned om hausten etter at frosten kjem og blad og blomar blir stygge.

Så tenkjer du ikkje meir på jordskokkane.

Til du midt på vinteren får veldig lyst på jordskokksuppe. Då grev du opp nokre knollar.

Seinare finn du kanskje ut at du vil servera jordskokkpuré til ein eller annan fin rett. Fleire knollar opp or jorda.

Kanskje ei stor gryte med potet&jordskokkstappe? Er der fleire knollar der nede? Å ja.

Jordskokken greier seg fint i frosen jord. Men etter påske let eg han stå i fred. Då skal nye “solsikker” få veksa fram.

Er det ikkje fantastisk? Ein fleirårig grønsak som også fungerer som ein fleirårig blomst.

Grunnen til at eg har gløymd å fortelja om jordskokk, er at eg grov opp og åt opp alle eg hadde då me bygde nytt og større drivhus.

Men i vår fekk eg fyrst nokre få av mitt greie syskenbarn Urd som hadde kjøpt  små knollar i dyre dommar frå Sørlandet. Ikkje før hadde eg planta dei dyrbare knollane, så dukka min gode ven Øyvind opp med store jordskokk frå sin permakulturhage.

Speedplanting

Kor skulle eg finna plass til dei?

Bakerst i Leikeplasshagen der granhekken endar, var der litt skrinn og tørr, grusete jord over granrøtene. Me tok sjansen og tømde ut nokre sekker med lauv oppå. Så grov me ut mesteparten av varmkompostbingen – avfallet var bare halveges omdanna.  Mellom lauv og grov kompost hamna knollane, på den kaldaste og mest skuggefulle plassen. Frå før av der var der nokre halvdaude mynteplanter som eigentleg hadde tenkt å kasta. Men så tenkte eg det var for gale, og kom på at dei kunne få prøva seg her. Viss dei greidde det, skulle dei få leva vidare. “Bare la dei stå”, sa Øyvind, då eg  ville flytta dei. Mynter kan jo fort overta alt…. Jordskokk er sterke, og mynte er sterke, så dette går nok bra, meinte Øyvind.

Ja, ja, var me i eksperimentershumør, så var me i eksperimenteringshumør. Dessutan var dette “speedplanting”: Nytt bed på ti minutt.

Koss skulle dette gå?

Men joda, grøne skot tittar nå opp. Blir spanande å sjå koss plantene blir! Kan vera det ikkje blir rare bløminga, men Øyvind var sikker på at jordskokk ville me få. Då blir det masse til deg, Urd!

Kremt, kremt: Og mynten i den eine enden har fått fart på seg…

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



6 kommentarar om “Har du dyrka jordskokk?”

  • Har hatt nokre knollar i hagen eit par år, planta på forskjellige plassa for å sjå kor dei trivst best, men har aldri fått blomster på dei? – lurer på kva grunnen kan vere? Har ikkje vore flink å bruke dei heller, syns det er nok putleri å renske dei…. Skal prøve å skjerpe meg… 😉

  • Jeg skreller ofte ikke jordskokk, bare skrubber dem godt. Her hos meg er jorda «bånntæla» på vinteren og det er ikke mulig å grave opp noen ting. Derfor lager jeg jordskokkpuré og fryser i passelige bokser. Hele og vaskede jordskokk holder i måneder i grønnsaksskuffen i kjøleskapet. Her hos oss blir det til ovnsstekt jordskokk, sammen med ovnsstekte gulrøtter og poteter, sånne som svenskene kaller klyftpotatis.

  • Det er så godt! Og den fine blomstringen gjør jo ingenting:) Jeg hadde jordskokk og peppermynte ved siden av hverandre, og nå er de helt mikset, begge er jo så flinke til å spre seg! Og det fungerer helt supert altså:)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: