Rabarbrapai

Rabarbrapai

Denne var god! Lett å laga, fort gjort. Eg fekk besøk av ei dame eg set stor pris på, så då måtte eg jo servera litt kaffekos i sola på terrassen. “Crunchy” søt topp over syrleg rabarbra. Nam, med vaniljeiskrem. Det gjeld å nyta både rabarabraen og sola mens me kan!

Oppskrifta har eg  frå ei eldre, svensk kvinne som kallar seg @agnesblomman på Instagram. Innimellom deler ho nokre handskrevne oppskrifter frå kokaboka si. Eg har prøvd ei av eplekakene henner frø, og den likte eg veldig godt.  Altså fekk eg lyst til å prøva denne.  Angrar ikkje på det! Takk @agnesblomman!

Ikkje akkurat helsekost, men, men.. Ikkje kvar dag me et rabarbrapai.

Ingrediensar:

  • 75 gram smør (meierismør)
  • 1 dl sukker
  • 2 ss lys sirup (eg brukte lønnesirup)
  • 2 ss fløyte
  • 1 1/2 del kokosmasse
  • 1/4 ts bakepulver
  • 3/4 dl kveitemjøl
  • 50 gram grovt riven mandelmasse (eg brukte mandelmjøl)
  • 400 gram rabarbra

Framgangsmåte:

  1. Skjer rabarbra i små bitar og ha i ei paiform.
  2. Ha sør, sukker, sirup og fløyte i ei gryte og varm opp, ikkje kok.
  3. Ta frå varmen og tilsett kokosmasse, mandelmjøl, bakepulver og kveitemjøl.
  4. Fordel “deigen” over rabarbraen. (Deigen blei ganske tjukk, og var ikkje lett å smøra ut med slikkepott, så eg tok fingrane til hjelp og putta ein klump her og ein klump der og trykte det ut over..)
  5. Steik på 200 grader til paien får gyllen farge og rabarbraen er mjuk. Tek cirka 20 minutt.

Server med iskrem eller piska kremfløyte.

Ja vissst var det godt, og det seier eg som ikkje er særleg glad i kakemat.

HER ER OPPSKRIFT PÅ MEGASTOR PORSJON RABARBRASUPPE

HER KAN DU LESA KVA EG HAR GJORT FOR Å FÅ KRAFTIGE RABARBRAPLANTER

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: