Fråts i spinat

Fråts i spinat

Nå gjeld det å eta masse spinat, for på denne tida går desse plantene opp i stokk. For å utnytta plassen i pallekarmen, planta eg derfor knollfennikel og vårløk mellom spinatplantene for eit par veker sidan, slik at dei er godt i gong med veksten når eg nå haustar spinaten.

Dei kraftige blada bak i karmen er ikkje spinat, men ein glattblada afrikansk grønkål “Sukuma Wiki”. Både den og spinat greier seg nemleg fint i vårkulde og i halvskugge.  Desse pallekarmane står bakerst i Leikeplassen ved granhekken kor sola ikkje kjem til fyrste del av dagen om våren.

Knollfennikel vil ha sol, men det vil han få meir av framover.

Alle desse vekstene likar seg i næringsrik og fuktig jord. Kassen er derfor proppa med heimelaga kompostjord. Den øvste pallekarmen. Den nederste er fylt av ein “lasagne” av lauv og kumøkk. Som du ser på grønkålen, er plantene nøgde med den kosten.

Dei siste vekene har eg og nærmaste nabo plukka inn sprø spinatblad jamnt og trutt til salatskåla, men i går tok eg inn resten: Både for å gje fennikel og vårløk meir plass, og fordi spinatplantene var i ferd med å gå i stokk: Det vil seia at dei gjer seg klare til å blomstra. Då brukar planten kreftene på det i staden for å produsera blad.

Spinat, litt til salat, litt til smoothie, litt til naboen.

Det er fort gjort å bruka opp spinaten du ser her om han blir kokt eller steikt (supper, gryterettar, stuingar). Fersk, heimedyrka spinat er så godt at eg brukar mesteparten som rå blad i salat og i smoothiar.

Ei god kjensle å ha sin eigen spinat når eg veit at spinat ( i alle fall den importerte) er på lista over dei grønsakene som er mest sprøyta.

Det går også godt å frysa rå spinat.

Spinat likar seg ikkje midt på sommaren, og er best å dyrka om våren eller om hausten.

Vil du ha mørkegrøne blad midt på sommaren, er bladbete/mangold og ulike sortar grønkål gode alternativ. Det blir enormt mykje meir mat av ein bladbeteplante eller ein grønkålplante enn av ein heil pallekarm med spinat.  Mens spinatfråtsinga er kortvaring, fråtsar eg i mangold og grønkål året rundt!

HER ER OPPSKRIFT PÅ EIN SAFTIG SALAT MED SPINAT

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: