Potetene veks som ugras

Potetene – det vil seia bladrosettane – kom opp or jorda fem veker etter at me sette dei. Nå veks dei som bare det. Aller best veks dei som me IKKJE sette. Dei som kjem opp i heilt andre bed, i bed kor me dyrka poteter i fjor… Poteter har altså blitt mitt nye ugras, – eit ugras det er gøy å luka.
Det må altså ha blitt liggjande att nokre små knollar i jorda som me ikkje fekk me oss då me tok opp potetene i fjor sommar. Fint med mykje poteter, men dei passar ikkje så godt mellom georginene…

Dermed måtte eg luka… Eg grov opp dei malplasserte potetplantene og flytta dei over i to store kassar og den største ledige potta. Nokre av dei hadde grodd ut frå store poteter, andre frå små. Litt trongt, fekk dei det, men, men, kan bli gøy å sjå kva avling det går an å få.

Det var den 6. april me sette potetene. Tidlegpotetene “Arielle” og “Solist”. “Solist” skal vera eit par veker seinare enn “Arielle” i fylgje Henry Tendenes i Rogaland Hageselskap. Men “Solist” kom i alle fall opp like fort som “Arielle”.
Størst har plantene som får mest sol blitt, naturleg nok. “Arielle” i den delen av det eine bedet i Leikeplasshagen som ikkje får sol får utpå dagen, har ikkje vist seg ennå.
Me sette potetene mest rett etter at me kjøpte dei, altså før dei hadde fått groer.

Også i fjor sommar kom der opp poteter frå året før. Moralen er? Ikkje “farleg” å setja poteter tidleg på våren her på sørvestlandet. Det ser ut som om dei ikkje kjem opp før det er “trygt”. Sjølv dei som hadde lege i jorda heile vinteren, viste seg ikkje i varme april, og venta til kuldeperioden i starten av mai var over. Flinke poteter!
Og nei: Det er ikkje for seint å setja poteter. Dei blir bare ikkje ferdige like fort som om du hadde sett dei tidlegare.

MEIR OM POTETDYRKING:
OM Å SETJA POTETER MENS DET ER FROST
SLIK DYRKAR EG POTETER UTAN SPADE OG GREIP
EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:
- Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
- Trykk på FØLG MEG-knappen.
- Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.
Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.