Våronn-wok

Våronn-wok

Fine fargar, ikkje sant? Smakar både krydra, syrleg, søtt og salt og luktar herleg. Denne retten lagar du på ti minutt. Det er bare å langa innpå, for her får du bare i deg næring som gjer kroppen godt. Dette var vår middag i går, kanskje blir det din i dag? Passar også til lunch og kvelds.

Det starta med at eg ville bruka dei små, lekre pakchoi-ane eg nett hadde hausta; dei var så fine i ulike grøne- og burgunderrøde fargar.  Sola skein, det var varmt. Eg ville ha ein middag som var både rask og lett, men samstundes smakfull og mettande.

Pak choi frå kjøkkenhagen.

Løk, ingefærrot og bønner har eg alltid i hus, og i kjøleskapet låg nokre gulerøter, rød snackpaprika  ein grøn chili og ein lime. Dermed var det bare å finna fram wokpanna:

Her får du oppskrifta som mettar to vaksne personar og vel så det:

Ingrediensar:

  • 2 ts kokosolje (alternativ: Rapsolje, IKKJE olivenolje, for olivenolje bør ikkje brukast på sterk varme)
  • 1 gul løk
  • 1 veslefingerstor bit ingefærrot
  • Tuppen av ein grøn chili (ta ut frø)
  • 3 små pak choi (du kan bruka ei blanding av f.eks. kinakål, spinat og spisskål viss du ikkje har pak choi)
  • 4 små gulerøter
  • 1 rød snackpaprika
  • 1 øskje/liten boks Bønnemix (Ferdig kokte bønner, ei blanding av ulike slag. Alternativ: Kidneybønner, store, kvite bønner)
  • Ci 2 ss soyasaus
  • 2 båtar lime
  • Fersk koriander: Så mykje du vil!

Framgangsmåte:

  1. Vask og skjer opp grønsakene.
  2. Ha bønnemixen over i eit dørslag og skyl med vatn. La renna av.
  3. Set plata på fullt og varm opp wokken.
  4. Ha i kokosolje.
  5. Ha i oppskåren løk, ingefærrot og chili og røresteik til løken blir blank, men ikkje brun!
  6. Tilføy gulerøter og røresteik cirka 1 minutt til.
  7. Tilføy paprika, pak choi og bønner og røresteik til bladkålen skrumpar inn og blir litt blank. Paprikaen skal vera sprø, bønnene skal bli varme.
  8. Smak til med soyasaus, lime (pass på, soyasausen er salt) og peppar.
  9. Dryss over så mykje hakka koriander som du vil til slutt.
Oppskrifta blei nok til fem slike skåler.

Bra for deg

Grønsaker og bønner inneheld mest null kaloriar, men er fulle av vitaminar, mineralar og sjukdomsførebyggande og antialdrings fytokjemikaliar (“mirakelstoff” som eg kallar dei).  Retten er likevel mettande fordi det er mykje fiber i både bønner og grønsaker pluss at bønnene er ei super kjelde til protein.  Krydder som ingefær og koriander inneheld endå fleire “mirakelstoff” enn grønsaker, mellom anna betennelsesdempande stoff.

Prøv pak choi i kjøkkenhagen

Får du ikkje tak i pak choi i butikken? Lett å dyrka sjølv, veks fort, og greier seg med mindre sol enn dei fleste andre grønsakene: SUPERRASK KÅL

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: