Pass på, kålsommarfuglen og kålmøllen er her

Pass på, kålsommarfuglen og kålmøllen er her

Sett nokre kvite sommarfuglar i kjøkkenhagen? Det er kålsommarfuglar som legg bittesmå egg under blada til ulike slag kål. Egga blir fort til glupske larver. Og nå melder @annemorshage på Sørlandet og fleire på Austlandet og Trøndelag at kålmøllen er på veg…. Kva gjer me nå?

Kålmøll er bittesmå fluer som svermar tett i tett og legg egg inni blada – slik at blada først blir prikkete av små hol, etterkvart som egga blir til små larver, blir hola fleire og større og større….

Dei mest vanlege råda er å dekkja kålplantene med fiberduk og spraya med grønsåpevatn. Eg har tenkt å gjera ingen av delane….  Mellom anna fordi eg oppdaga noko spanande i går: Ved sida av kålbedet i Leikeplasshagen står eit gamalt og øydelagt “vippedyr”. Her hadde ei vevkjerring (edderkopp) spunne eit stort nett. Ein kålsommarfugl kom svirrande forbi og hamna rett i nettet. Kjapt kom ei diger vevkjerring til syne, surra inn sommarfuglen og slepte han med seg opp og inn i hol i vippedyret. Eg måpte av fasinasjon.

Nå i dag studerte eg nettet nærmare, og der hang fleire små myggaktige fluer fast. He, he. Heia vevkjerringa!

I Danmark og Sverige har dei lov til å bruka eit biologisk sprøytemiddel som inneheld nokre sopptypar. Eg satsar på at eg har så mangfaldig mikroliv av bakteriar og soppsporer i jorda, at plantene får eit vern av desse. Det er mellom anna for å få soppsporer, at eg brukar lauv i beda og har kvistar og flis i botnen.

Har eg rett og slett bare tenkt å la naturen ordna opp?

Tja, kan jo hjelpa til litt. Sjekka undersida på blada for kålsommarfuglegg som det er lett å ta knekken på med eit skvis mellom fingrane.

Aha! Desse små egga blir til glupske larver…

Grønsåpevatn? Jo, kanskje, men det skal jo regna i natt og på torsdag…. Og kanskje ikkje soppsporene som fins i beda mine ikkje likar grønsåpevatn, kven veit?

Fiberduk? Ja, muligens, men ikkje lett å dekka eit stort bed og få det så tett at kålmøllen ikkje slepp til. Dessutan synes eg kålplanter er så fine å sjå på, at eg ikkje vil dekkja dei til… Og både eg og nærmaste nabo er stadig ute og plukkar blad, så då blir det litt “bale” å letta på fiberduken kvar gong..

Dessutan: Skulle nokre av blada på grønkålen bli holete, gjer det ikkje så mykje. Eg plukkar dei bare av, så veks nye ut på kort tid.

Kva gjer du for å verna plantene mot kålsommarfuglar og kålmøll?

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: