Superrask kål

Superrask kål

For nokre supre kålplanter: Veks kjempefort, klare til å haustast alt nå. Greidde seg godt gjennom overraskande og unormalt kalde mainetter. Flotte å sjå på – og byr på ulike former og fargar: Asiatisk bladkål.

Kinakål kjenner du, men der fins mange andre spanande slag som pak choi, tatsoi og mizunakål. Av pak choi er der mange ulike sortar: rødlege, grøne, små, store, med store blad og godt synlege bladnerver, med kvite, store stilkar osv.

Smak? Som ein mellomting av kål, salat og litt selleri..

Gode både rå – opphakka i salat og wokka.

Som alle grøne bladvekster og kålvekster er dei supersunne.

Det einaste minuset eg kjem på med asiatisk bladkål, er at dei går opp i stokk i siste del av mai/juni. Det blir rett og slett for lyst for dei!

Trur den fremste er mizunakål “Arun” og den bak mini pak choi “Green Fortune”.

Derfor er det best å dyrka desse tidleg på året og om hausten.

Dei du ser på oppslagsbiletet kunne ha blitt mest dobbelt så store etter nokre dagar til med varme og nok vatn, men eg hausta dei nå fordi eg trong plassen til å planta ut selleristang.

Slik såg dei ut den 9. mai:

Ulike asiatiske bladkål. Eg likar fargevariasjonen. Har også putta ned nokre afrikanske grønkål til venstre og vårløk,

Denne pallekarmen står bakerst ved granhekken i Leikeplasshagen, der sola ikkje kjem før godt utpå dagen om våren, altså på den kaldaste og mest skuggefulle plassen.  Der har du ein annan fordel med asiatisk bladkål: Ein grønsak du kan dyrka også der det ikkje er full sol. Dei fleste andre grønsaker vil nemleg helst ha det.

Den siste veka av februar sådde eg nokre asiatiske bladkål i ein balje, dei hausta eg små som salat i april.

Du kan lesa meir om det her: SMAKFULLT GRØNT I BALJAR PÅ TERRASSEN

Så noter deg dette i kalenderen for august: SÅ ASIATISK BLADKÅL

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: