12 liter suppe av 14 stilkar

12 liter suppe av 14 stilkar

Kva eg laga av dei svære rabarbrastilkane? Suppe. Mannen min er så glad i det. Eg likar mykje betre å vera ute i hagen enn å stå ved komfyren . Så når eg fyrst gjekk i gong, kokte eg to store gryter. Her får du oppskrifta på ein megastor prosjon. Rabarbrasuppe kan nytast både varm og kald, og suppa kan frysast. Fort å laga er det også.

Eg plukka fyrst desse ti stilkane, så fire til. Den største stilken vog eit halvt kilo. Utan blad.

Ingrediensar:

  • 5 kilo rabarbra
  • 10 x 7dl vatn
  • 7 dl farin (Uff, uff, eg likar det ikkje…Er det nokon som har prøvd å laga rabarbrasuppe med Sukrin?)
  • 7 ss  potetmjøl pluss 1 dl vatn
  • 1 skvett flytande vaniljeekstrakt

Framgangsmåte:

  1. Kok opp vatn og sukker.
  2. I mens skjer du rabarbraen i små bitar. Eg skar fyrst på langs, så på tvers. Eg balar ikkje med å skrella rabarbraen. Eg synes ikkje det er nødvendig. Dessutan sit mykje av næringsstoffa (masse mineral) og fargestoffa ytterst.
  3. Kok til rabarbraen er mør. Tok cirka ti minuttar.
  4. Rør ut potetmjøl i litt vatn. Hell jamninga i gryta i ei fin stråle mens du rører heile tida.
  5. Gje suppa eit oppkok, ta så gryta/ene av plata.
  6. Avkjøl litt før servering.

Ha resten over i Norgesglas, kjøl av og putt i fryseboksen. Då har du dessert for ei god tid framover…

SLIK DYRKAR DU RABARBRA

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “12 liter suppe av 14 stilkar”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: