15. mai 2019
12 liter suppe av 14 stilkar

Kva eg laga av dei svære rabarbrastilkane? Suppe. Mannen min er så glad i det. Eg likar mykje betre å vera ute i hagen enn å stå ved komfyren . Så når eg fyrst gjekk i gong, kokte eg to store gryter. Her får du oppskrifta på ein megastor prosjon. Rabarbrasuppe kan nytast både varm og kald, og suppa kan frysast. Fort å laga er det også.

Ingrediensar:
- 5 kilo rabarbra
- 10 x 7dl vatn
- 7 dl farin (Uff, uff, eg likar det ikkje…Er det nokon som har prøvd å laga rabarbrasuppe med Sukrin?)
- 7 ss potetmjøl pluss 1 dl vatn
- 1 skvett flytande vaniljeekstrakt
Framgangsmåte:
- Kok opp vatn og sukker.
- I mens skjer du rabarbraen i små bitar. Eg skar fyrst på langs, så på tvers. Eg balar ikkje med å skrella rabarbraen. Eg synes ikkje det er nødvendig. Dessutan sit mykje av næringsstoffa (masse mineral) og fargestoffa ytterst.
- Kok til rabarbraen er mør. Tok cirka ti minuttar.
- Rør ut potetmjøl i litt vatn. Hell jamninga i gryta i ei fin stråle mens du rører heile tida.
- Gje suppa eit oppkok, ta så gryta/ene av plata.
- Avkjøl litt før servering.
Ha resten over i Norgesglas, kjøl av og putt i fryseboksen. Då har du dessert for ei god tid framover…
EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:
- Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
- Trykk på FØLG MEG-knappen.
- Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.
Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.
Supert med en «skvis og to» av sitron/lime+ en «dash» kanel eller koke med kanelstang🙋♀️👍
Takk for godt tips!