Rabarbra er så BRA!

Rabarbra er så BRA!

Tenk at det går an å laga så gode dessertar av ein grønsak! Ja, for rabarbra er ein grønsaksplante. Ein av dei aller kulaste i heile kjøkkenhagen, spør du meg. Enorm vekstkraft, og eit syn frå tidleg i mars til frosten kjem. Og så produktiv!

Det mest potente beviset på at våren er i anmarsj, får du når rabarbraen sprengjer seg opp or jorda. Svulmande knoppar som så faldar seg ut i små, rynkete blad. I år skjedde det den 2. april.

Dette biletet tok eg den 2. april.

Bare ein månad seinare, er plantene blitt gedigne – sjå på oppslagsbiletet: Stilkane er mest så lange som eit riveskaft, og minst dobbelt så tjukke. Det største bladet er mest på paraplystorleik…

Så har dei fått godt stell også. Eg planta midt i ein haug av kompost. Det var den våren eg gjorde den gamle og overgrodde leikeplassen om til kjøkkenhage. Farmor til Nora, William og Sofie i nabohuset lurte på kva eg hadde tenkt å planta der. Rabarbra, svara eg.

“Jeg tror vi har noen hjemme som dere kan få,” sa ho og kort tid etter kom ho tilbake med tre røter med litt blad som ho hadde grove opp.  Kan tru eg smilte frå øyra til øyra. Kva sort, veit eg ikkje.

Vatn og mat

Dei blei temmeleg store det fyrste året (2017), endå større neste år, og i år er dei svære… Det til trass for at me har hatt unormalt lite regn.

Rabarbraen treng mykje vatn og næring. Komposthaugen eg planta dei i, har eg mata med Bokashi (fermentert matavfall) og planterestar frå kjøkkenhagen kvart år. Om hausten dekker eg med lauv. Om våren legg eg på eit tjukt lag med gras/høy. Og veit du kva som ligg nederst i haugen? Ein gammal trestamme delt opp i tjukke skiver og eit lass med kvist og lauv. Det held godt på fukt.

Sol og skugge

Rabarbra kan tola ein del skugge, bare ikkje heile dagen. Hos oss får han sol  heile dagen.

Dei digre platnene ser mest tropiske ut – ein liten unge kan mest gøyma seg under dei største blada…

Tolmod

Det fyrste året du plantar rabarbra, er det best om planten frå stå i fred.  Året etter kan du hausta. I fjor vart eg så fasinert over veksten, at eg hadde ikkje hjarta til å riva av stilkane – eg let han veksa og veksa heilt til han skaut opp store, kvite blomeklasar. Staseleg prydplante!

Rabarabra elskar kompost. Dette biletet er frå den 23. mai 2018. (Foto: Margunn Ueland)

Derfor kom eg litt seint i gong med å hausta inn og koka graut, supper og laga pai.

I år derimot: Den fyrste store famnen med dei kraftigaste stilkane plukka eg inn denne veka. Blei plantene ribba? Nei, det var bare meg sjølv som la merke til at nokon hadde vore ute med kniven…

To gonger tidlegare i vår har eg grove ned ei bøtte med Bokashi i haugen kor det krelte av meitemark.

Mykje for lite

Vil du lukkast med rabarabra, er altså trikset å planta han i næringsrik jord som held godt på fukt, gje han stor plass (set av minst 1,5 meter til kvar plante).

Bortsett frå det? Null arbeid. Rabarbraen greier seg fint sjølv.

Så vil du ha mykje glede for lite arbeid, plant ein rabarbra!

Ein annan lettstelt og fleirårig plante du vil ha mykje glede av, er krydderurten løpstikke. Les meir om den her: ELSKOVSURTEN

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 

 

 

 



2 kommentarar om “Rabarbra er så BRA!”

  • Vet du når rabarbraen er “voksen”? Hvor mange år det tar før du får tykke gode stilker? Min er 2 år, og synes den fremdeles bare har “pinglete” stilker. Kommer det an på hvilken sort man har? Har du navn på en god bærekraftig type? PS. Skal flytte den over i pallekarm slik at jeg kan gi den litt mer kompost og næring.
    Takk for mange spennende innlegg🤩

    • Takk, takk! Planta mine 2017, fekk store planter med store, tjukke stilkar året etter (2018) og gedigne stilkar 2019. Veit som sagt ikkje kva sort det var, fekk rot av gamle planter. Kan dessverre ikkje hjelpa deg med gode sortsnamn. Pøs på med kompost evt husdyrgjødsel. Masse vatn!

Legg att eit svar til margunnueland Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: