Derfor gledar eg meg mest til den 18. mai

Derfor gledar eg meg mest til den 18. mai

Eg gledar meg meir til den 18. mai enn til den 17. mai. Kvifor? Då ser det ut til at dei kalde nettene er over. Eg vil at nattetemperaturen ikkje skal gå under ti grader før eg plantar ut resten. Nå er det temmeleg fullt i drivhuset! Hos deg også? Pass på: Det gjeld å sørgja for både vatning, lufting og rett temperatur.

Lys, vatn, gjødsel

Planter som får veksa ute i naturleg lys, blir også sterkare og finare planter enn dei som står i drivhus, om drivhuset er aldri så bra. Derfor driv eg nå å flyttar ut planter på dagen, og ber dei inn att om kvelden. Nå tek eg til å bli litt lei av det….

Pottene dei står i, tek også til å bli for små, så enten må dei pottast om eller plantast ut. Det siste, takk.

Maisen måtte eg bare potta om. Det gjorde eg på fredag den 10. mai. Nå står dei stødigare, slik at eg kan flytta dei ut i vinden på dagtid.

I dei små pottene tørkar dei også fort opp, så på dagar med sol må eg vatna kvar føremiddag. Nå ja, det går temmeleg fort, for pottene står på brett eller i baljar. Då heller eg bare vatn i brettet og i baljen, så får dei suga opp vatnet nedanifrå.

Dei billigaste bretta eg har, er slike til å setja sko på som eg kjøpte for IKEA for  19 kroner stk. for nokre år sidan.

Dei siste par vekene har eg tilføyd litt flytande gjødsel (Biobact grønsaksgjødsel) i vatnet.

Fremst på benken ser du Zinnia, så gulbeter og bladbete/mangold. På hylla: Fennikel, Zinnia, stangselleri og sommarsquash.

Lufting og temperatur

Når sola står på, blir det fort veldig varmt i drivhuset. Eg har takluker som åpnar seg automatisk når det blir varmt, men i tillegg må eg opna enten døra eller eit vindu eller to. Eg vil nemleg helst ikkje ha over 20 grader der inne.

Både for at dei ikkje skal veksa for fort (og bli lange og svake), men også for å unngå bladlus og andre insekter som har ein tendens å dukka opp om det blir for steikande.

Regnar det eller er overskya, set eg på lyset og sløkkjer det cirka klokka 21. Også på kjølege dagar er det viktig å sørgja for litt lufting, slik at det ikkje blir for vått og rått der inne- då kan du lett få gråskimmel på plantene.

Bladbete og fennikel.

Skal ut

Desse ventar på å koma ut:

Frilandsagurken har kome lengst. Den fekk eg av Mariell Klungtveit i april. Den står saman med graskar. Treng snart meir næring, ja…

NB! Dei som står øvst på lista, toler meir kjøl enn agurk, squash, graskar og mais. Eg har derfor tenkt å sjekka langtidsvarselet når eg kjem til den 18. mai for å forsikra seg om at temperaturen held seg over ti grader. Viss ikkje, spørs det om eg ikkje ventar endå litt til før eg plantar ut desse varmekjære grønsakene.

MEIR INFO HER:

INGEN HAST MED SQUASH

KOM MAIS, DU SKJØNNE….

GRASKAR ER GØY

Enn så lenge held dei seg oppe med eiga hjelp….

Blir inne

Tomatplantene hadde også hatt godt av å få koma over i større potter pluss at dei må  bindast opp.  Men før det kan skje, må  eg  få ut grønsakene og sommarblomane som skal veksa på friland, slik at det blir meir romsleg her i drivhuset.  Endå ein grunn til å gleda seg til den 18. mai.

Dei fleste skal bli ståande i drivhuset saman med chili, paprika og basilikum.

HER FÅR DU VITA MEIR OM DRIVHUSET MITT

og meir info om ALLE MINE TOMATPLANTAR

Har overlevd, men…

Koss har det gått med dei eg planta ut i varme april, før maikulda sette inn? Det vil seia ulike kålplanter, løk, bondebønner, bladpersille, rødbeter og sellerirot.

Alle har overlevd, og ser ut til å ha greid seg fint. Bortsett frå at brokkolini har gått i blom. Eg fryktar også rødbetene og sellerirøtene vil gjera det. Ikkje så farleg med rødbetene, det går fort å så nye. Sellerirøter derimot har veeeeeldig lang utviklingstid. Eg fekk dei av ei veninne som sådde i dei i januar/februar, så eg håpar verkeleg det går bra med dei.

Georginene har også greid seg. Dei som eg planta ut, har blitt kraftige, tette buskar, mens dei eg let stå i drivhuset, har grodd fortare og fått lengre og svakare stilkar. Eg klyppa ned dei lengste, og har sidan bore dei ut på dagtid og inn om kvelden.

SLIK PLANTAR EG GEORGINER

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: