Elskovsurten

Elskovsurten

Ingen av krydderplantene i kjøkkenhagen blir så stor som denne, og ingen er så lettstelte: Løpstikke. Brukt som potensmiddel for både folk og fe opp gjennom tidene. Ikkje utan grunn at det engelske namnet er “Lovage” og det tyske “Bergliebst”.  Denne urten er nemleg proppa av styrkjande næringsstoff.

Løpstikkeblad har kraftig, smak, – ei blanding av selleri, persille og peppar- og er ein utmerka urt å ha når du kokar suppe. Eit blad kan erstatta ein buljongterning, -sikkert derfor løpstikke også går under namnet “Maggiurt”.

Klypp og frys nå

Eg synes også det er godt å hakka litt løpstikke inn i den kvite sausen når eg lagar lasagne, eller ha eit lite dryss i salatskåla.

Nå er blada aller best, særleg dei unge skota. Eg klyppa inn ein stor pose, hakka og frøys i dag. Det tek ikkje lenge før nye blad veks ut.

Etter at planten har blomstra, får blada ein bitrare smak og dei blir “styggare”, så fram med saksa nå.

Dyrkingstips

Løpstikke er ein fleirårig plante som kjem opp tidleg på våren.  Før du får sukk for deg – det vil seia nå- har han blitt mest ein meter høg. Får han veksa fritt, kan han bli to meter høg.

Løpstikke vil helst ha næringsrik og fuktig jord. Den veks godt både i halvskugge og i sol.

Helsebringande

Løpstikke blei også blei brukt som middel for å gjera både kvinner, sauer og kyr fruktbare. Tidleg om våren var folk vårslappe, det var lite mat att i kammerset.

Løpstikken kom tidleg og var full av vitamin C, vitamin K, kalk, magnesium, kalium og massevis av det eg kallar miralkelstoff, det vil seia helsebringande stoff som sit i lukt og fargestoffa i planteriket. Løpstikke er både frisk grøn og luktar sterkt og inneheld mellom anna stoffa quercetin, flavonider og fenolar.

Løpsstikke skal også gjera godt mot betennelsar, halsbrann og oppblåst mage.

Vil du unngå svettelukt i skorne? I mellomalderen la dei vegfarande løpstikkeblad i skorne for å friske opp trøytte føter.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post med “Confirm your subscription”. Gå inn på den og  trykk på CONFIRM FOLLOW /STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 



7 kommentarar om “Elskovsurten”

  • Jeg tror ikke følg meg knappen øverst til høyre virker. Jeg har forsøkt to ganger med å skrive inne mailadr. og klikke, men uten resultat.

    • Sikker på du har fylt ut mailadressen under FÅ VARSEL OM NYE INNLEGG/over FØLG MEG og ikkje i feltet over den svarte knappen med SØK? Etter du har skrevet inn adressen og klikka følg meg, må du gå på eposten din. Der får du ein epost. Du må inn og klikka stadfest på den.

  • Hei. Flott blogg du har! Eg har prøvd å dyrkefram løpestikke dette året, sådde frø og fekk fram nokre små planter. Men dei er ikkje i nærheiten av så praktfulle som dine. Mine er nå ca 4cm. Har du nokre tips for å få dei frodige å fine?
    Mvh Hanne.

    • Hei! Tek tid frå du har sådd til dei blir store. Min er fleire år gammal. Sådde ikkje min, fekk ei lita rot. Plant i god jord (med masse kompost), gjerne i halvskugge. Lukke til!

  • Dessverre er brunsneglen glad i denne, men neste år vil jeg prøve å sette den i drivhuset, må bare stjele en stikling først

Legg att eit svar til Gislaug Lillebø Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: