Dei tidlege maistaudene

Dei tidlege maistaudene

Her skal du få sjå kva stauder som blømer i hagen min nå, og få tips om koss du får dei til å trivast.  Favoritten er Forglemmegeisøster som står som himmelblå skyer under epletre og rundt om i beda.

FORGLEMMEGEISØSTER (Brunnera): Likar seg best i jamnt fuktig moldjord og halvskugge, men greier seg også i “vanleg” jord og sol. Eg kan ikkje motstå dei små knallblå blomane og dei hjarteforma blada. Men pass på! Dei spreier seg lett! Det betyr også at dei er lette å dela. Har du ein klump av desse, kan du fort få mange tuver. Når dei fyrst har “kome i siget”, spreier dei seg også frå frø. Men du kan jo ikkje få for mange av desse, kan du vel? Vil du dempa spreiinga, klypp vekk blomane etter bløming. Etter bløming, særleg viss sommaren blir tørr, blir blada stygge, så då klypper eg også dei ned.

Forglemmegeisøster.

HAGEAURIKKEL: Denne er eg også glad i. Eg likar den “gammaldagse” utsjånaden og dei mørke blomane med mjølaktig støv i svelget. Auriklar fins i mange fargar. Litt stolt er eg av at eg har sådd dei sjølv – av frø eg fekk saman med eit engelsk hageblad for mange år sidan. Eg har hatt dei både i bed og krukker, men har nå landa på krukker. Det er fordi eg då kan plassera dei der eg ser dei godt når dei blømer, og så flytta dei vekk. Eg synes blada fort blir litt pjuskete.  Auriklar bør delast med jamne mellomrom, jo oftare jo betre, hadde eg nær sagt. Burde ha delt mine nå, ja. Etter dei er ferdige med å bløma.  Likar seg best i fuktig moldjord og sol/halvskugge.

Hageaurikkel.

BLÅPUTE (Aubretia): Kjendt og kjær steinbedplante. Mine veks på toppen av muren i oppkjørselen. Helst vil blåpute ha sol og både godt drenert (grusjord) og næringsrik jord.

Blåpute.

NÅLEFLOKS (Phlox douglassi) veks ved sida av blåpute på den same muren. Dannar tepper av smale, spisse blad og får tett i tett med blomar. Mine har lavendelfarge, du får også i kvitt og rosa.

Nålefloks.

MYSKE (Galium odoratum): Veldig søt med dei små kvite blomane. God lukt. Men OBS! Når dei fyrst har fått etablert seg, kan dei spreia seg raskt, og då er dei ikkje lette å bli kvitt. Har du ein stad i skugge du vil dekka, kan du bruka myske. Kan godt brukast som botndekkar mellom andre skuggeplanter som bregner og bladliljer. Det var det eg hadde tenkt då eg planta dei bakerst i hagen. Men nå er dei på veg også til andre delar av bedet…

Myske.

BERGBLOM: Eg synes i grunnen at dei purpurrosa blomane er vel skrikande, men eg kan ikkje la vera å bli fasinert over kor seig denne planten er. Seig ja. I gamle hagar som er har vore forsømte i årevis, vil du kunna finna bergblom. Dei toler nemleg det meste. Blada er tjukke og læraktige. Eg såg ein gong bergblom planta i ring rundt ein dam, – det var eit syn. Ho meg har dei fått ein tørr og skrinn plass i kanten av eit bed, og ser på langt nær like flotte ut… Har vel kanskje ikkje fått betre stell fordi eg ikkje heilt kan bestemma meg om eg likar dei eller ei? Bløminga starta i april.

Bergblom.

KULEPRIMULA (Primula denticulata):   Starta bløminga april og held ut ennå. Likar seg i god moldjord i sol og halvskugge. Eg synes dei passar godt i lag med Gullkorg som blømer om lag samstundes.

Lilla kuleprimula. Dei gule bak er gullkorg.

Om Gullkorg skreiv eg om i dette innlegget om dei tidlegaste staudene.

Meir i boka mi

Oppslagsbiletet med forglemmegeisøster under epletreet og drivhuset i bakgrunnen, er teke av fotograf Jan Inge Haga. Det er henta frå boka mi “Margunns kjøkkenhage – Fersk mat året rundt”. I boka skriv eg om kva som skjer og kva eg gjer frå månad til månad, ja mest dag for dag nå i mai. Har du ennå ikkje skaffa deg boka? Du får kjøpt boka i bokhandelen landet rundt eller bestill nå frå nettbutikken til Jæren forlag: BESTILL BOKA HER

Bestill boka nå frå nettbutikken til Jæren forlag og få ho sendt heim til deg fraktfitt.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: