Alle mine tomatplantar

Alle mine tomatplantar

Som eg kosar meg i drivhuset! Her luktar så godt, og alle hyller og benker er fulle. Her skal du få sjå koss det har gått med dei 16 sortane tomat som eg sådde i slutten av februar. Dei veks som bare det etter at eg potta dei om for andre gong.

Desse sådde eg:

  1. “Black Plum”,  rødbrun plommetomat
  2. “Mango”, gul plommetomat
  3. “Rosella”, kirsebærtomat
  4. “Berry Crazy Cherry”, kirsebærtomat
  5. “Sungold”, kirsebærtomat
  6. “Sweetberry Cherry”, kirsebærtomat
  7. “Reverend Michael Keys”, kirsebærtomat-multiflora
  8. “Green  Zebra”, grøn tomat
  9.  “Bundewice”, gul salattomat
  10. “Amazon chocolate”, bifftomat
  11. “Marvel striped”, gul-rød-stripete bifftomat
  12. “Sputnik”, rødbrun bifftomat
  13. “Blue Beauty”, blårød bifftomat
  14. “Whippersnapper”, busktomat
  15. “100’s & 1000’s”, ampeltomat
  16. “Vilma”, pottetomat

Alle spirte, bortsett frå “Rosella”, “Marvel striped” og “Sungold”.

Størst er naturleg nok bifftomatane, med eitt unntak: “Blue Beauty”. Den er faktisk temmeleg puslete.

“Blue Beauty” har vore liten og puslete heilt frå han spirte. Denne fekk ikkje vera med i 2. ompotting. Stakkars, han må stå i lag med chili og paprika som også har nøya seg med ei ompotting/då dei blei prikla.

Etter at dei hadde spirt på badet, flytta eg dei ut på skrivepulten under ekstra lys. Eg blei fort lei av å ha dei ståande der, så dei var ikkje store spirene då eg bar dei ut i drivhuset. Der har dei stått sidan, men eg har stort sett halde temperaturen over ti grader.

Prikling og ompotting

Eg prikla, det vil seia flytta ei og ei spire over i kvar si potte i månadsskiftet mars/april.

Før prikling.
Etter prikling.

Etter at eg flytta ut kål, løk, rødbeter, persille, sellerirot og georginer, blei det plass til ompotting nummer to: Då fann eg fram det eg hadde av ledige leirpotter (terrakottapotter).

Potta om den 21. april. Fremst ser du fire av pottetomaten “Vilma” i lag med basilikum.

Dei fekk heimelaga kompostjord i pottene:

Den vesle pottetomaten “Vilma” treng ikkje store potter. Sjekk den fine jorda!

Dei har likt seg godt i kompostjord og hatt varme dagar fram til 1. mai. Slik ser dei ut nå:

Og slik såg dei ut ei dryg veke etter ompotting.

Av nokre hadde eg meir enn to, dermed kunne eg gje vekk. Sjølv fekk eg ein “Tiny Tim” av greie Merete, så nå har eg altså 14 ulike sortar. Kan tru eg er spent på koss dei vil bli! For ingen av desse sortane – bortsett frå “Vilma”, har eg hatt før.

Stell

Vatna gjer eg i god tid før jorda tørkar ut, men eg let dei ikkje stå dassblaute, jorda på toppen og eit godt stykke ned kan godt bli tørr. Lunka vatn brukar eg, ikkje kaldt.

Sidan dei står i næringsrik kompostjord og veksten er god, gir eg ikkje gjødselvatn.

Eg passar på å lufta og “knipa tjuvar” (fjerna skota som veks ut i hjørnet mellom stamme og greiner). Det skal eg visst ikkje gjera på ampel- , busk- og pottetomatane, men eg har gjort det hittil likevel… Var det veldig dumt, de som er tomatekspertar?

“Lufting”: Når sola står på sjølv om det er kjøleg ute, er det ikkje nok at  taklukene går opp, eg må som regel også opna eit vindu. Er det varmt ute, set eg også opp døra. NB! Viktig å lufta litt også på kjølege dagar slik at det ikkje blir for rått og fuktig i drivhuset. Då kan lett soppsjukdomar oppstå – som gråskimmel.

Nå er det snart på tide å flytta dei over i dei store pottene dei skal stå resten av sesongen. Eg må bare venta til det blir betre plass i drivhuset. Det vil seia når eg flyttar ut sommarblomane, mais, squash, graskar og ulike slag grønsaksplanter.

Eg brukar vanlegvis kassar på 40 liter, men i år må eg nok også ty til store potter for å få plass til alle. Treng å vatna sjeldnare med store kassar, men dei treng også meir plass…

HER KAN DU LESA MEIR OM SORTANE EG SÅDDE OG KOR EG FEKK FRØA FRÅ.

Då dei var nysådde.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Alle mine tomatplantar”

  • Hei! 🙂 Må bare spør: hvordan får du kompostjorden din så fin? Vi har varmkompostbinge. Vi fyller den opp i løpet av vår/sommer, og så spar vi den ut for å «hvile». Men vi opplever at selv om jorden får ligge og «hvile» et halvt år før vi tar den i bruk, så er det mye pinner og store klumper. Det er ikke så anvendelig når man skal plante i små prikle-potter. Har du noen triks du kan dele?:)

    • Hei! Du kan jo plukka ut pinnar og klumpar. Eg brukar grov kompost i bed og pallekarmar. Der blir det fort omdanna til finare jord. Så hentar eg jord til prikling og planting frå bed og pallekarmar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: