Ingen hast med squash

Ingen hast med squash

Håpar ikkje du har planta ut sommarsquash ennå. Squash er ingen hardhaus slik som grønkål, kål, spinat, salat og persille.  Desse kjappe og produktive plantene pleier eg å så når eg har fått ledig plass i drivhuset etter å ha planta ut tøffingane. Det vil som regel seia i starten av mai.

Slik gjer du det

I år blei det i påska, men eigenleg hadde det vore lurare å venta til nå..

Eg gjer det på same måten som med graskar: Sår eitt og eitt frø i kvar si potte som eg så set på badet (der er det over 20 grader) til dei har spirt. Vanlegvis tek det ei veke.

Straks spirene har dytta seg opp or jordoverflata, flyttar eg dei ut i drivhuset for at dei skal få mest mogeleg lys slik at dei kan veksa seg sterke. Der passar eg på at temperaturen ikkje dalar under ti grader og at jorda ikkje tørkar ut.

Røtene veks fort og blir kraftige, så eg venjer dei til undervatning frå starten av. Det vil seia at eg vatnar på brettet/i boksen kor dei står, ikkje på toppen av jorda.

Eg kjøper ikke eiga såjord, i år brukar eg heimelaga kompostjord. Så flotte og kraftige spirer/småplantar trur eg aldri eg har hatt før!

Når dei små pottene blir bortimot fulle av røter, flyttar eg dei over i større potter, om lag tre gonger så store.

Utplanting brukar vanlegvis å kunna skje i slutten av mai her i Stavanger. Det er betre å venta litt ekstra enn å vera for tidleg.

Blir det for kaldt, kan dei bli ståande lenge å stura.

To squashplanter i kvar sin doble pallekarm med kompostjord. Foto frå midten av juni 2018.

Gule, grøne, kvite

Ingen hast, for sommarsquash veks fort. I fjor kunne eg hausta dei fyrste i slutten av juni. Også då planta eg ut i slutten av mai og sådde i siste del av april.

Den gule “Goldy” var sorten eg blei mest nøgd med i fjor. Året før var det den grønstripete “Tapir”.

I år sådde eg den mørkegrøne “Black Beauty” fordi eg hadde frå att av den frå i fjor.  Ein gul ville eg også ha, og for å prøva ein ny, vart det “Atena Polka”.

Muslingsquash “Scallopini”. (Foto: Margunn Ueland, september 2018)

I fjor dyrka eg også den kvite muslingsquashen “Scallopini” som ungane kalla UFO-squash. Kul å sjå på, ja, men i motsetning til dei andre, bar han ikkje “frukter” før uti august. Dermed droppar eg den i år.

NB! Er de ein familie på fire, treng du neppe meir enn ein squashplante. Men det kan jo vera artig med to ulike sortar… Så då seier me to..

Eg har begrensa meg til tre i år. Naboane skal trass alt få forsyna seg så mykje dei vil. Planen er å ha squashen i den store dørkarmkassen kor spinaten nå spirer. 

Så då må eg  vel kanskje potta om sommarsquashen ei gong til før det blir ledig plass. Dei vil nok lika seg der, for i karmen har eg grove ned både Bokashi (fermentert matavfall) og hestemøkk.

Squash treng nemleg mykje næring og vatn, på same måte som graskar. 

LES OGSÅ:

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: