Kom mais, du skjønne….

Kom mais, du skjønne….

Å kunna eta ferske, søte, gule maiskolber frå eigen hage, er stor stas. Nå kan du så mais, men start innandørs. Gled deg til grasiøse, grastråaktige spirer med blanke perler…

Maisen vil helst ha 20-30 grader for å spira. Eg putta 34 gule, tørre maiskorn (frø) av sorten “F1 Gucio” i såkalla “roottrainers” den 15. april og sette dei på badet.

Etter vel ei veke, hadde rundt halvparten spirt. Då flytta eg dei ut i drivhuset kor eg passar på at det ikkje blir kaldare enn ti grader. Sidan har fleire spirer titta opp, i alt 19.

Bak på frøposen står det at spiretid er 5-15 dagar.

Det er slett ikkje for seint å så nå, starten av mai er i grunnen den beste tida.

Vent med utplanting

Mais veks fort og likar ikkje å bli planta ut for tidleg. Ein varmekjær plante som helst ikkje vil ha det kaldare enn ti grader. Det fyrste året eg prøvde meg på mais, planta eg ut den 7. mai. Det vart mislukka. Sjølvsagt fekk me fleire både kalde dagar og netter, og då ville ikkje maisen meir. Eg trur rett og slett han rotna.

Planen min i år er å planta dei ut i slutten av mai. Det fungerte fint i fjor, men ingen år er like. Eg får fylgja med på  vêrmeldinga.

Pottar om

Om ei veke eller så,  kjem eg til å flytta kvar spire over i kvar si potte slik at dei får meir plass og meir næring. Eg har teke vare på nokre gamle rosepotter, dei er smale og djupe. Det passar godt til maisen som får kraftige røter.

Sort

“F1 Gucio”  har eg ikkje prøvd før. I frøkatalogen (Impecta) står det at han er “extra supersøt”. Men det er også “Sweet Nugget” som eg prøvde for to år sidan. God var også “Golden Bantam” (trur det var frå Green Viking) som me dyrka i fjor.

“Gucio” skal bli  180 centimeter høg, “Sweet Nugget” 150. “Golden Bantam” blei sikkert over to meter. Men det kan jo koma over at sommaren var varm i fjor og at han fekk gro i eit bed proppa med kompost.

Eg har ikkje prøvd å så mais rett ut, men vil du prøva, vent til jordtemperaturen er minst 15 grader.

Reserver plass

Mais treng plass: I fjor planta eg ut 15 mais i eit bed som er om lag 3 meter langt og 2 meter breitt. Der har me sett jordeple (poteter) i år. I år trur eg maisen skal få vera bakerst i det største langbedet i Leikeplasshagen.

Så godt! (Foto: Jan Inge Haga)

Dette herlege biletet av naboguten Alvin som smakar på årets fyrste maiskolbe, tok fotograf Jan Inge Haga i september i fjor. Det er henta frå i september-kapittelet i boka “Margunns kjøkkenhage – Fersk mat året rundt”. I  boka kan du fylgja med på og sjå fleire foto av koss spirene utviklar seg frå månad til månad. Du får kjøpt boka i nettbutikken til Jæren forlag (du får boka sendt heim til deg fraktfritt) og i bokbutikkar over heile landet.

BESTILL BOKA HER

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Kom mais, du skjønne….”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: