Hjelp, nå blir det kaldt!

Hjelp, nå blir det kaldt!

Er det ikkje typisk? Her plantar me ut i solvarme april, så kjem mai med kulde. Natt til fredag og fredag ser skummel ut, – tenk om det blir frost? Kva gjer me nå? Her er min kriseplan.

Straks eg oppdaga at temperaturen her i Stavanger er venta ned i 1 grad fredag morgon, pilte eg ut i garasjen for å sjekka kva eg har som verna dei mest sårbare plantene med: Nå har eg samla saman dette som eg skal ta i bruk torsdag kveld:

  • Fiberduk
  • Pallekarmhetter av fiberduk
  • Bobleplast
  • Gamle dyner
  • Gamle tepper
  • Sekkestrie
  • Store oppbevaringsboksar i plast
  • Store krukker
  • Isoporkasse

Dei mest sårbare

Mest uroleg er eg for georginene eg har planta ut i bed. Dei får eg setja kassar og store krukker over. Resten får eg pakka inn i bobleplast så langt det rekk. Blir det ikkje nok, får eg ta i bruk noko av det andre på lista.

Dei som står i potter, flyttar eg inn i drivhuset.

Pelargoniane flyttar eg inn i huset/vinterhagen og i drivhuset.

Sommarblomane har eg heldigvis ikkje planta ut ennå. Heller ikkje varmekjære planter som graskar, sommarsquash, mais, tomat og agurk (frilandsagurk/sylteagurk).

Det var så varmt og godt då eg planta ut georginene og grønsakene i slutten av påska….

Dei tøffe og halvtøffe

Kva med grønsakene eg planta ut i påska?

Kålgjengen greier seg nok. Eg har planta ut grønkål,  knutekål, spisskål, knutekål, kålrot og brokkolini.

Løken tek eg også sjansen på vil takla dette. Er trass alt ikkje meldt minusgrader og eg har brukt varmebehandla setteløk i år. Men det kan godt vera eg blir så nervøs i morgon kveld at eg dekkjer over med fiberduk….

Klara seg vil også nyspirte gulerøter, frøsådd vårløk og asiatisk salatkål som pak choi, kinakål osv.

Sellerirot og rødbeter er det ein viss fare for kan gå i stokk om dei får kuldesjokk. Derfor kjem eg til å gje eit dekke av fiberduk. Kanskje eg til og med legg den eine dyna over sellerirøtene og den andre over rødbetene.

På dette biletet frå i mars, ser du “pallekarmhettene” som eg nå må ta på att.

Eg har skaffa meg “pallekarmhetter” av fiberduk med strikk rundt som er fine å ha på pallekarmane. Sidan eg har nok slike, skal også gulerøtene og og salatkålen få hette.

Bondebøner fremst, kvitløkspirer bak.

Bondebønnene let seg ikkje knekka av lett frost. Sukkerertene som spirte kaldt utandørs, går det nok også bra med.Potetene har heldigivs ikkje rukke å koma opp med grøne blad, så dei treng eg ikkje uroa meg for. 

Spinat og salat i baljar har stått ute ei frostnatt før, så dei toler dette. Eg flyttar dei bare i ly for nordavinden.

Det same gjer eg med krukkene med persille, kjørvel, mynte og baljen med koriander.

Drivhuset

I drivhuset står tomat, chili, paprika, mais, sommarsquash, graskar og agurk.  Eg set på omnen og set termostaten på ti grader.

Bretta og kassane med sommarblomar og små grønsaksplanter som eg ikkje har planta ut ennå (fordi der var ikkje plass i beda), flyttar eg inn i drivhuset.

Kryssar fingrane

Ingen grunn til panikk så sant det ikkje blir 0 grader eller minus. Men eg kjenner meg ikkje heilt trygg med den sterke vinden frå nordvest..  Betre å vera på den sikre sida…

Jo, jo, hadde nok vore  lurare å venta med å planta ut georginene.  Men eg tenkte at når både bjørk og bøk hadde teke sjansen på å springa ut og plomme- og epletre blømde, då ville me ikkje få frost meir. Eg får tru på det framleis. Og kjenna meg heldig som bur i ein del av landet som sannsynlegvis slepp både snø og kuldegrader på denne tida av året.

Hadde det blitt meldt minusgrader, hadde eg nok spadd opp att halvparten av georginene og flytta dei inn i drivhuset. Den andre halvparten hadde eg dekka med både fiberduk og bobleplast.

Lukke til, alle saman! Eg kryssar fingrane for at dette går i beste laget.

Å nei!

PS: Ikkje før eg hadde samla saman “kriselageret”, oppdaga eg at det sto 0 grader med blått på Yr fredag morgon. Då blei eg litt bleik om nebbet. Nå i kveld (kl 18:30) er alle tala røde – men 1-talet dukkar ikkje bare opp om natta, også fleire gonger ut på sjølve dagen (fredag)…

LES OGSÅ:

OM Å SETJA POTETER MENS DET ER FROST

NÅR SKAL EG PLANTA UT GRØNSAKENE?

FERDIG MED VÅRENS STORE UTPLANTING

SMAKFULLT GRØNT I BALJAR PÅ TERRASSEN

KOM MAIS, DU SKJØNNE….

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Hjelp, nå blir det kaldt!”

  • Var nok og litt for ivrig i det fine været. Har båret inn det som sto i krukker, fiberduk over kasser, men det verste er at jeg plantet ut et bed med tomatplanter.. skrekk og gru.. Nå er de pakket inn med fiberduk, ser nesten ut som snømenn fer de står.. Lurer på hvor lenge de kan stå på den måten., Burde helst stå til mandag, men er redd det kan bli for tett. Det er 2-3 lag rundt hver plante. Svært f

    • Gomåren! Me får håpa det beste. Var svært dristig å planta ut tomatene —-Det har aldri eg gjort så tidleg. Du må nok la dei stå innpakka til denne kulden og nordavinden er over. Du får løysna litt på innpakkinga på dagtid når sola er framme.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: