Smakfullt grønt i baljar på terrassen

Smakfullt grønt i baljar på terrassen

For ein luksus å kunna plukka inn saftige, sprø grøne blad, urter og reddikar til salatskåla.  Her skal du få sjå koss det har gått med det eg sådde i baljar i slutten av februar. Endå betre går nok om du sår nå. Når eg har ete opp alt, skal eg så ny runde.

Av desse baljane har eg allereide forsynt meg seks gonger: Det har blitt to skåler med salat, grønt til to tortilla/taco-middagar og grønt til to brødskivemåltid.

Fremst frå venstre: “Spicy Baby Leaf”, koriander, rukkokla. Bakerst frå venstre: Spinat, vintersalat, reddik. (Foto: Margunn Ueland)

Mest har eg kunna plukka av  den asiatiske bladkålen/salatblandinga “Spicy Baby Leaf”/Oriental Mix”. Den kom også fyrst. Eg likar variasjonen i fargar, former og smak.

Ein blanding av asiatisk bladkål/salat.

Nest mest hittil har eg hausta av spinat “Medania”. Blada er knasande sprø og mørkegrøne.

Så godt! Mørkegrøne blad, proppa av solenergi..

Både “Spicy Baby Leaf” og spinaten sådde eg den 24. februar. Då sådde eg også vintersalat “Vit”, men den tok altså lengst tid. Blada var lenge bittesmå, men nå kjem han seg. Dei små mørkegrøne rosettane er svært gode på smak, synes eg. Eg vil la dei stå litt lenger før eg et fleire.

Vintersalat.

NB! Når du plukkar inn salat, ta ikkje opp heile planten, ta eit blad her og eit blad der, så veks nye ut. Det er lett med spinat og “Spicy Baby Leaf”, men ikkje like lett med dei små vintersalat-rosettane.

Alle desse tre sortane sådde eg i baljar med hol i botnen som eg fylte med heimelaga kompostjord.

Italiensk rukkola.

Rukkola kjem nå for fullt. Den sådde eg i kompostjord den 27. februar. Eg ser eg har sådd vel tett…. Eg åt den fyrste neven i går – knallgodt!

Eg elskar koriander.

Koriander “Confetti” har fått såpass store frynser at eg kan knipa litt her og der. Også den sådde eg i kompostjord den 27. februar.

Årets fyrste reddik.

Dei aller fyrste reddikane er klare, men mange er framleis bare tjukke stilkar og blad (nokre gulnar attpåtil). Her må det tynnast.  Nokre ser ut som om  dei har tenkt å gå i stokk….. Desse sådde eg i torvbasert veksttorv den 26. februar.

Baljane sto i drivhuset til dei spirte. Den 4. april flytta eg dei ut på terrassen. Me hadde nokre få frostnetter i starten av april, så blei det ein uvanleg varm månad. Eg har passa på å vatna.

Spinat, salat eller reddikar hatar at jorda tørkar ut.

Såg det godt ut? Det er fort gjort å strø ut nokre frø…..

Nokre nevar av kvar av desse dannar utgangspunktet for denne saftige og mettande salaten som eg aldri går lei av:

SAFTIG SUPERSALAT

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: