Dei nye tulipanane

Dei nye tulipanane

Vakraste i hagen akkurat nå er tulipanane. I år har me fem nye sortar i Leikeplasshagen.  Kom skal du få sjå! Det største bedet, den runde “korga” er fylt av rundt 30 “Midnight Moments” i rosa, lilla og kvitt. I midten veks ti rosa “Menton” og ti mørkerøde “Bastogne”.

Bak ved klatrestativet står resten av dei som var i posen med “Midtnight Moments”.

Dei høge i knopp skal bli rosa “Menton”. (Foto: Margunn Ueland)

Det var nabojentene Sofie og Nora som valde ut desse og sette løken i oktober i fjor.

Her ser du William i ferd med å planta dei doble Apeldoorn-tulipanane. Det var i oktober i fjor. Foto: Jan Inge Haga.

Broren William, valde tulipanar i andre fasongar og fargar:

Heftig “Ballerina”. (Foto: Margunn Ueland)

10 oransje liljetulipanar “Ballerina” pyntar opp i eit lite bed.

Flotte, men tunge: “Beauty of Apeldoorn”. (Foto: Margunn Ueland)

Ved sida veks gul, rød og gul-røde doble Apeldoorn-tulipanar, sorten heiter “Beauty of Apeldoorn”. Desse var dei mest iaugnfallande, men blomehovuda så tunge at dei blei liggjande flate då det bles stiv kuling i sist veke.

Gode, gamle

“Angelique”. (Fotografert mai 2018 av Jan Inge Haga)

I tre krukker står ennå rosa “Angelique” som dei sette året før. Dei har stått i krukkene heile tida. Etter dei blømde av i fjor, planta eg blodamaranth i krukkene. I slutten av oktober drog me opp amaranthen og flytta krukkene under inntil husveggen slik at dei blei ståande delvis i ly for regnet. Så fekk dei koma fram att til våren. Eg spanderte på dei eit lag kompost på toppen av krukkene. Nå blømer dei snart att, men dei blir neppe like flotte som i fjor.

Gamle, gode “Apeldoorn” i kveldssol. Dette biletet er henta frå boka “Margunns kjøkkenhage”. Fotograf: Jan Inge Haga. Det er Jæren forlag som har gitt ut boka. Boka kan du nå kjøpa frå nettbutikken til forlaget, som så sender boka heim til deg fraktfritt. KLIKK HER, så kjem du rett inn på nettbutikken.

Gamle, gode “Apeldoorn” derimot, er like fine år etter år. Dei har blomstra i det gamle staudebedet mitt i årevis. Sideløkar av desse har eg planta mellom bærbuskar i eit  anna bed.

Saman med løk og erter

I år sprang den fyrste tulipanen ut allereide den 16. april.  Eg håpar dei varer til over 17. mai. Varmen som kom i midten av april, gjorde at påskeliljene tok fort farvel. Litt trist med det same, men det er jo det som er sjarmen med blomebed: At nye tek over.

For blomar vil eg ha, også i kjøkkenhagen.

Tulipanar kan godt veksa i lag med grønsaker: I den runde korga har dei fått selskap av sjalottløk. I dei små beda av gul og rød løk. Ved klatrestativet kjem nå sukkerertene opp.

Neste blom ut etter tulipanane er prydallium/prydløk som nå står i knopp.

Deretter: Georginer og årets frøsådde sommarblomar.

SLIK PLANTAR EG GEORGINER

LES OGSÅ: LYST PÅ HAGEBOKA MI?

Bestill boka nå frå nettbutikken til Jæren forlag og få ho sendt heim til deg fraktfritt.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Dei nye tulipanane”

  • Spørsmål: jeg har plantet 4 asparges stauder da det var så fint for en måned siden i sand og tarebed på Strandhyttene. Hvordan beskyttes de når det blir 2 3 grader om natten fra onsdag?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: