Saftig supersalat

Saftig supersalat

Jovisst kan du bli god og mett av salat. I alle fall om du tilset dei rette ingrediensane. Her får du oppskrifta på ein slik salat med årets fyrste sjøldyrka blad og urter +++.  Jo meir du et, jo betre!

Oppskrift til 2 personar:

Ingrediensar: 

  • 4 store nevar grøne blad, helst av ulike sortar. Eg brukte salat og ulike sortar asiatisk bladkål pluss nokre salatsyreblad (“Red Sorrel”) og vårens nye blad og blomsterknoppar på grønkål.
  • 1 neve ulike urter. Eg brukte bladpersille, kjørvel og dill.
  • 1 avocado
  • 1 appelsin
  • 1 lite beger kirsebærtomatar
  • 1 øskje/boks ferdig kokte bønner som du likar. Eg er mest glad i kidneybønner. Kikerter er også godt. Eller prøv gjerne “Bønnemix”.
  • 1 neve nøtter og frø. Eg brukte graskarkjerner og valnøtter.
  • Gjerne litt hakka rødløk om du har, eller vårløk. Eg brukte grasløk, for det hadde eg.
  • Peppar.
  • 1/4 sitron.
  • 2 ts god olivenolje.

Framgangsmåte:

  1. Vask og tørk salaten. (Eg hoppar over det når eg plukkar inn min eigen salat frå baljane på terrassen).
  2. Ha blad (riv dei gjerne litt i bitar med hendene om dei er store) i serveringsskåla.
  3. Riv urtene i mindre bitar.
  4. Skrell appelsinen og skjer i tynne bitar.
  5. Del avocadoen i to, ta ut steinen og ta ut passelege stykke av avocadoen med ei skei.
  6. Skvis over sitron.
  7. Skjer kirsebærtomatane i to.
  8. Oppi med nøtter og frø, peppar og olivenolje.
  9. Bland alt lett saman.
  10. SERVER!

Gjort på 5 minutt.

Helsetips

Nam, nam! Etterpå er det bare å kjenna på energien som kjem piplane… Utan at du blir så tung og mett i magen at du må leggja deg på sofaen..

Avocado, nøtter og frø tilfører salaten sunt feitt og fleire andre nyttige næringsstoff. Bønner er stinne av protein og fiber. Det gjer at du held deg mett meir enn dobbelt så lenge som om du bare hadde ete blad med appelsin og tomatar. Appelsin gjer salaten saftigare.

Hagetips

Ekstra godt blir det sjølvsagt med nyplukka, sjøldyrka salat og spinat, så sprø at han knitrar. Eg sådde mine i baljar i drivhuset i månadsskiftet februar/mars.  I månadsskiftet mars/april flytta eg baljane ut. Me hadde nokre frostnetter i april, men både spinat og asiatisk bladkål tolte det.

Urtene har stått ute sidan den 4. april.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 



4 kommentarar om “Saftig supersalat”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: