Kurs og foredrag i mai

Kurs og foredrag i mai

Etter å ha halde 20 foredrag for fulle hus hittil i vår, har eg nå takka ja til ni nye arrangement fram til juni. Eg skal til barnehagar og museum, til Bryne og Sirdal.  Det fyrste arrangementet er i morgon, dei åtte andre i mai. Her er oversikten:

HJELMELAND: Torsdag 25. april.  Galleri Hagalid har invitert meg som helsecoach og kjøkkenhageentusiast til å halda foredrag: Tema: “Mat som gir energi og glede”. Tid: Kl 18:00. Gå inn her på arrangementet og meld frå om du kjem, slik at arrangøren kan laga nok mat og finna fram nok stolar. Gled det til jordskokksuppe og heimelaga brød…Dette skjer under Vårutstillinga den 6.-28. april,  så du får med deg intrykk av vakre bilde frå Ivar Haugen, porselen frå Sarah L. Reed, lin, ull, grafikk, smykke og mykje anna.

Kjøkkenhage+barn=dobbel glede: Nora (3) har sett både poteter og planta bondebønner i Leikeplasshagen.

KLEPP: Torsdag 2. mai. Eg hjelper Klepp friluftsbarnehage i gong med kjøkkenhage.

STAVANGER: Torsdag 2. mai: Kjøkkenhageforedrag for Eiganes kolonihage om kvelden. Møtet startar klokka 19 og er bare for dei som har parsell.

SANDNES: Tysdag 7. mai:  Læringsverkstedet Julabygda barnehage har lyst å laga kjøkkenhage, og vil starta med inspirasjonsforedrag og tips frå meg. Klokka 17-19.

STAVANGER: Sundag 12. mai: Norsk Oljemuseum arrangerer familiedag klokka 12-16.  Tema er “Klima for endring”. Eg er invitert til å halda eit halvtimes kjøkkenhageforedrag kl 13. Etter foredraget kan barn få vera med meg å så – det blir nok blomkarse, sukkererter og solsikker.

Er det varmt nok i siste del av mai, kan me planta squash.STAVANGER: Torsdag 23. mai klokka 18: Den 4. april heldt eg kjøkkenhageforedrag på Selvåg gartneri og hagesenter. Etterpå demonstrerte eg i lag med Mariell Klungtveit kva du kan planta ut tidleg på våren og koss du gjer det. Me sette mellom anna løk, planta urter, spinat og sukkererter i tre doble pallekarmar. Den 23. mai er du velkomen tilbake for å sjå koss det har gått. Då vil me også fortelja om og visa kva varmekjære planter som du kan planta ut nå. Les meir her.

SIRDAL:  Laurdag 25. mai kl 13 på Sirdal Fjellmuseum: Foredrag: Lag din eigen kjøkkenhage. Les meir om arrangementet her. 

Sirdal Fjellmuseum ligg på Kvæven i Sirdal, 5 km. nord for Sinnes og 40 km. nord for Tonstad på fylkesvegen gjennom dalen. Museet ligg vakkert til mellom vegen og elva Sira, ca. 570 m. over havet.

Museet har samla ca 10 eldre bygg frå stader i kommunen. Alle bygga er gjenreiste slik dei ein gong var. Mellom anna er det eit skulehus frå 1907, eit “ungdomshus” frå før krigen, eit våningshus der den eldste stova er frå 1770 åra, ei løe frå slutten av 1800 talet, to stølshus, ei smie og 2 utløer.

Det siste bygget som vart flytta hit er ei av dei særeigne Njardarheim hyttene som rikmannen Thorvald Heiberg sette opp i byrjinga på 1900 talet.

BRYNE: Sundag den 26. mai held eg kjøkkenhageforedrag under Jærdagen. Klokka 14.

Om du kjenner nokon du trur vil vera interessert i nokre av desse arrangementa, del gjerne dette innlegget.

Boksignering og drøs

Oppslagsbiletet i dette blogginnlegget av nabojenta Sofie som stolt haustar reddikane ho har sådd, er henta frå boka “Margunns kjøkkenhage -Fersk mat året rundt”. Det er teke av fotograf Jan Inge Haga i midten av mai i fjor.

Du kan få kjøpt boka av meg på desse arrangementa. Eg set av tid både til signering, drøs og svar på spørsmål.

Nå kan du også få boka sendt heim til deg i postkassen utan å måtta betala frakt om du bestiller frå nettbutikken til Jæren forlag. 

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: