Slik plantar eg georginer

Slik plantar eg georginer

Koss får du så kraftige og riktblømande georginer? spør mange.  Her får du svar.  Det viktigaste er det eg gjer om våren, lenge før dei blømer. I går tok eg sjansen på å planta ut.  Eg brukte god tid. Det løner seg…

Tidspunkt for utplanting er viktig: Georginer toler IKKJE frost. Eg tek sjansen på at frostfaren er over her i Stavanger så lenge langtidsvarselet viser at det ikkje blir kaldare enn 8 grader om nettene fram til 2. mai.

Storleik er ein annan faktor: Då tenkjer eg ikkje bare på kor store knollane er, men på kor store plantene har blitt etter at eg sette dei til driving (Eg planta knollane i potter i mars, dei fyrste sette eg den  10. mars, resten den 23. mars).  Eg vil helst at det skal ha kome så pass med blad at dei har blitt ein liten busk. Røter er like viktig: Rotnettet (kvite røter som veks ut or knollane) bør mest fylla heile potta – halda heile jorda saman slik at mold ikkje rasar ut når eg tek planten or potta. Dei eg sette den 10. mars var perfekte, dei eg sette den 23. mars kunne nok hatt godt av å stå litt til. (Men eg hadde jo ikkje sett føre meg at eg kunne planta ut allereide i april).

NB! Ikkje la dei stå så lenge i pottene at du får problem med å få dei ut utan at du knekk nokre stilkar.

Passeleg store – både bladverk og rotklump.

Ikkje la dei stå for lenge inne eller i drivhus: Straks dei fyrste blada har vist seg på knollane eg har sett til driving, flytter eg pottene ut på ein lun stad så sant det er over fem plussgrader. Ute veks dei seg kraftigare enn inne i varmen. Sterke stilkar må georginer ha.

Georginene hadde fått stått ute på terrassen sidan dei fyrste blada kom opp. I starten bar eg dei inn i drivhuset på kalde netter.

Ok, så var det utplanting. Fyrst: Val av vekstplass:

Godt med sol og rik kompostjord får også georginene i Leikeplasshagen.

Må ha sol:  Gje georginene den plassen i hagen kor du har sol mesteparten av dagen.

Vil ha god jord: Det nyttar ikkje med skrinn sandjord eller rein veksttorv (kjøpt i sekker).  Næringsrik jord tilsett mykje kompost elskar dei. Eg sørgja for å dekka det eine georginebedet med gammal, tørr sauemøkk i februar, det andre fekk eit topplag med gammal hestemøkk og kompost.

Her i sørhellinga får georginene godt med sol.

Utplantingsavstand: Fordel pottene utover bedet slik at du ser sånn nokonlunde kor du vil ha dei. NB! Hugs at kvar plante blir omfangsrik, så ikkje plant for tett (eg gjorde nok det i fjor). Vanskeleg å seia kva avstanden bør vera, det kjem an på kor store knollane/plantene er.  Sjå på bileta, så får du ein viss peiling.  Hugs du  skal kunna koma til plantene for å plukka inn blomar og for å klyppa vekk dei visne for at du skal få flest mogeleg nye.

Fyll opp og la trekkja ned.

Graving og vatning: Grav eit hol som er litt større enn jordklumpen. Set planten nedi. Så heller eg i minst ei stor vannekanne med vatn. NB! Kor mykje kjem sjølvsagt an på koss jorda er. Vatnet skal trekkja inn/renna ned, ikkje bli ståande. Eg har porøs kompostjord og det har knapt nok regna i heile april som attpåtil har vore uvanleg varm. Derfor pøste eg på. Når jorda hadde sugd til seg vatnet, raka eg over jord. Dermed blei det vått nedi holet og tørt på toppen/jordoverflata. Greit: Våt overflate er bare fint for ugras og sneglar. Vatn frå overflata fordampar også mykje fortare.

Gratis jord 

Etter å ha halde på i fem år med å byggja god jord med organisk materiale, hadde eg så mykje feit og god mold i bedet ved drivhuset at det eg grov ut for å laga hol til georginene, kunne eg fylla i baljar og sekker. Så har eg til ompotting av tomatar, chili, paprika, mais, sommarblomar og grønsaksplanter.  Tenk, så mykje god jord av det som ein gong var avfall! (lauv, gras, kompostert matavfall, tang, tare, møkk osv). Der var så mange feite meitemarkar, at eg fekk dårleg samvet av å spa…

Det var også frå dette bedet eg hadde teke jord til til pottene eg sette georgineknollane i tidlegare i vår.

Foto frå Leikeplasshagen 2017.

LES MEIR OM GEORGINER:

SLIK FÅR DU RIK BLØMING FOR FÅ KRONER

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



6 kommentarar om “Slik plantar eg georginer”

    • Nei, ikkje for seint! Men eg synes absolutt det er best å driva dei i potter fyrst. Sneglane er glad i unge skot. Let du dei utvikla eit godt rotnett og ein god del blad i potte, greier dei seg om ein snegel kjem forbi og jafsar litt på eit blad eller to.

  • Når du planter i potte, hvor mye jord har du over knollene? Og må de stå lyst hele tiden? Mine knoller ligger fortsatt i kjelleren…. Men det er nok ikke frostfritt før 15. mai heller.

  • Hei Margunn,
    Supert med georginer i potter dersom du har plass inne, MEN dei tar sabla mykje plass…Då eg hadde arvegeorgine (arva av ei veninne), kom knollen i jorda her i Bærum i slutten av april, begynnelsen av mai. Sjølv om det kunne vera nattefrost då ( og det er nattefrost her til uti mai) blei ikkje georgina skada for det var ikkje frost i jorda, og ho våga seg ikkje opp før det blei varmt nok :-). Når georgina er fordyrka inne og har fått stilkar og blad, må du vera veldig obs på nattetemperatur slik du peiker på.
    Har du brunsniglar i hagen er det sjølvsagt ein fordel med kraftige stilker og blad ved utplanting, eg har opplevd at sniglane har gnafsa i seg alle dei nye grøne spirene som kjem opp, det er ikkje greitt.

    • Hei Idun! Ja, dei tek plass, men dei kan stå ute så sant det ikkje er for kaldt. Er det vått i jorda (som det vanlegvis er her), blir knollane fortare skada i jorda om det kjem frost. Er nok også fleire sneglar her enn i Oslo, meir regn her. Ha ein fin vår!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: