Ferdig med vårens store utplanting

Ferdig med vårens store utplanting

Det såg ikkje mykje ut der dei sto på terrassen i spirekassar og småpotter, men nå fyller grønsaksplantene kvart ledig bed i kjøkkenhagen – både i min eigen hage og i Leikeplasshagen. Her skal du få sjå koss det blei.

Desse planta eg ut

Ulike slag kål (spisskål, tre sortar knutekål, kålrot, brokkolini og to sortar grønkål) og massevis av løk (gul løk, rød løk, sjalottløk), rødbeter, persille og sellerirot var det eg planta ut. I kassane og bretta på biletet nedføre, ser du  flesteparten av “gjengen” før utplanting. Bladbetene og fennikelen står framleis i pottene, dei fekk eg ikkje plass til. For i tillegg til kassane med løk som du ser her, hadde eg nokre brett i drivhuset som eg også ville ha ut.  Pluss sellerirot.

I trekassar: Løk, både gul, rød og rosa-gul. Andre rekke: Fremst: Fennikel, så meir løk, deretter bladbete, bladpersille og rødbeter. Tredje rekke: Fremst: Glattblada, afrikansk grønkål, rufsete russisk grønkål, så ulike knutekål, deretter brokkolini. lengst borte: div. kålvekster som kålrot pluss solsikker. I baljane veks salat, reddikar og ulike slag urter. Dei skal få stå i krukkene og baljane.

På plass i bed og pallekarmar

Ein spirekasse bladpersille delte eg opp i tuster og fordelte i ein pallekarm.

Bladpersillen i denne vesle spirekassen blei nok til å fylla ein pallekarm.

Tre brett med rødbeter (om lag 100) planta eg trett i tett i pallekarmen ved sida.

1 brett rødbeter fylte ein halv pallekarm, så fylte eg resten med to brett. Får veksa litt tett, dei toler det.

Kålgjengen (knutekål, kålrot, russisk grønkål “Ragged Jack” og brokkolini) skal få kosa seg i stort firkantbed med mykje god jord. Planta knutekålen rundt langs kantane (veks fortast og blir minst) og nokre brokkoliniplantar på toppen.

Knutekål “Wiener Blå”. Bak ser du russisk grønkål “Ragged Jack”.

Resten av brokkolinien fekk eit lite smalt bed.

Brokkolini. Har planta i tettaste laget, men, men…

Løkgjengen fekk det andre gode, djupe firkantbedet.

I alle desse kassane hadde eg forspirt løk..

Sjølv det var ikkje nok. Tre små smale bed gjekk med. Rett nok var der tulipanar i to av dei, men eg syntes løken passa fint i lag med tulipanane. Siste brett med sjalottløk stakk eg ned mellom tulipanane i “blomekorga”.

Sjalottløk, tulipanar og gul løk.

Eg hadde bestemt meg for å dyrka masse løk i år, og mange skal det bli: Kjøpte fire posar sjalottløk, fire posar gul løk, fire posar rosa, gul løk og to posar rødløk.

Sellerirot.

Då var der att eit lite bed til sellerirøtene.

Bondebøner fremst, så kvitløkspirer. Håpar apsarges kjem opp i det bakerste bed.

Dette har eg planta tidlegare

Beda bakerst ved granhekken er opptekne: Me har sett tidlegpotet “Arielle” i det største, asparges skal forhåpentlegvis koma opp i det andre, kvitløk (som me sette i oktober) spirer i det tredje og bondebønner har me planta ut for fleire veker sidan i det fjerde.

Firkantbedet mellom pallekarmane går med til potet “Solist”.  I dei to pallekarmane bakerst har eg tidlegare planta spinat, asiatisk salatkål og vårløk.  Kor skulle eg då gjera av den afrikanske, glattblada grønkålen “Sukuma Wiki”? Denne er ikkje særleg glad i sol, merkeleg nok, så eg putta han ned bakerst i desse pallekarmane. Det førte til at eg måtte eta opp nokre små spinat- og pakchoi-planter….

Dette har eg sådd 

I den lange dørkarmkassen sådde eg spinat i slutten av februar. Dei har nå spirt.

I to doble pallekarmar ved sida av, sådde eg gulerøter i februar/mars. Bare nokre få spirer å sjå. Men så har det vore ein uvanleg tørr april! Eg får vatna, og så litt til.

Oppetter klatrestativet skal sukkerertene få veksa. Dei sådde eg rett ut den 27. februar (!) mellom tulipanane. Og nå har dei spirt!

Alt dette er i Leikeplasshagen.

Poteter sette eg den 6. april.

Kva med dei to beda i min eigen hage?I det lange på rundt fjorten kvadratmeter har eg sett poteter.

Georginer. Foto frå i fjor sommar.

I det på rundt ti kvadratmeter ved sida av drivhuset mitt, skal georginene få bløma i år. (NB! Toler ikkje frost!) Sidan eg har delt fjorårets knollar, har eg nå så mange at det blir nok til georgineflor i det største bedet i Leikeplasshagen også. Må bare reservera plass til mais også..  Den er i ferd med å spira, eg sådde innandørs den 15. april.

Nyvaska potter og brett til tørk i kveldssola.

Pass på!

Det er ikkje lett å vita kva tid det er sikkert eller kva tid det er best å planta ut.

Eg bur i Stavanger, og me har hatt ein mild vinter og ein uvanleg varm  vår.  Så tidleg som dette er det sjeldan eg plantar ut så mykje. Du må sjølvsagt ta omsyn til forholda der du bur.

Eg planta ut nå fordi langtidsvarselet viser temperaturar på over ni grader både dag og natt fram til 1. mai. Altså bør det ikkje vera fare for frost. Det er sjeldan det blir frost her etter 1. mai- sjølv om det kan skje.  Eg valde altså å ta den risikoen.

Dei siste dagane har me hatt det unormalt varmt – sommartemperaturar – og plantene tørkar lett ut i små potter og grunne kassar.

NB! Tomat, frilandsagurk, graskar, sommarsquash og mais plantar eg altså IKKJE ut nå. Vanlegvis ventar eg med det til slutten av mai, kjem an på koss vêret blir.

LES OGSÅ:

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Ferdig med vårens store utplanting”

  • Hei
    Er plaga med brunsnegler, og lurer på kor mykje energi eg skal legga i kjøkkenhagen når sneglene et opp alt i løpet av ei natt.
    Har veldig lyst å begynna, men er redd det blir mykje arbeid til inga nytte.
    Åshild

    • Hei! Frustrerande med brunsneglar, men IKKJE GJE OPP! Det nyttar å ta kampen. Eg hadde masse brunsneglar på Leikeplasshagen då den var ny- og det kom mange krypande over frå nabotomta som er eit villsniss. KVAR tidlege morgon og helst også KVAR kveld gjekk eg ut med plasthanskar, saks og ei isboks med kokande vatn og drap sneglar (klyppa dei store i to og plukka dei små med hendene – og hadde alt i vatnet). Eg vatna også heile området med “Nemaslug” (eit biologisk middel) i mai. Etter to år er det nå lite sneglar. I min hage har eg passa på jamnt og trutt i fleire år. NB! Viktig å starta jakta tidleg på våren og ikkje avslutta før frosten kjem om hausten (for om hausten legg dei egg). Om du ikkje greier det KVAR dag, er det ekstra viktig å gå ut når det regnar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: