Graskar er gøy!

Graskar er gøy!

Både eg og ungane i gata elskar å dyrka graskar. Dei veks imponerande fort, og er jo så flotte å sjå på.  Mykje god mat blir det også. Her får du tipsa du treng for å lukkast.

Når kan me så? Nå/siste halvdel av april viss du har drivhus. Viss du ikkje har drivhus: Då hadde eg vel gjerne sådd rett ut. Men vent då til mai-juni når jorda er minst 15 grader.  Eventuelt så inne og flytt spirene ut i potter på ein lun stad før du plantar dei ut. Du kan jo putta dei i ein kasse med dekke over om natta.

Slik sår du: Putt eitt og eitt frø i ei potte om lag så stor som dei på oppslagsbiletet. Kvart frø er så stort som ein nagl. Fyll pottene med god jord, du treng ikkje bruka såkalla såjord. Lag eit hol med tommeltotten som er dobbelt så djupt som frøet. Putt frøet oppi med spissen ned. Vatna med ei lita kanne med sil. Jorda skal vera gjennomfuktig, men ikkje dassvåt.

Merk: Sår du fleire sortar, merk pottene. Du greier ikkje å sjå forskjell på spirene, neppe heller på plantene før dei blir store og får frukter.

Vamt og godt på badet. Men sjølv om dei står under eit stort vindu, får dei ikkje lys nok etter at dei har spirt.

Spiring: Graskar vil ha det varmt for å spira. Eg set dei på badet kor det er om lag 23 grader. Pass på at jorda ikkje tørkar ut. Det går om lag ei veke før dei spirer. Ein fest å sjå: Fyrst oppdagar du gjerne ein liten “haug” med mold – det er spira som stangar seg opp med bøygd nakke (stilk) med bladet vendt nedover. Når det har kome opp, rettar det stilken og bladet opp. Eg sådde den 15. april, og i dag hadde dei fleste spirt.

Straks dei har spirt: Flytt dei til ein kjølegare stad med meir lys. Dette er viktig. Eg meiner STRAKS. Blir dei ståande bare nokre timar, blir stilken litt for lang – i alle fall lengre enn eg vil ha han. Eg er så heldig at eg har drivhus. Derfor ber eg pottene ut der. Temperaturen passar eg på ikkje går under ti grader (nja, 8 grader nokre tidlege morgontimar får gå).

“Nyfødde” graskarspirer.

Frå spire til utplantingsklare graskar: Pass på temperaturen og vatning.  Når dei får det for trangt i såpotta etter om lag to veker, pott dei om: Flytt dei over i større potter med god jord.

Kva tid kan du planta ut?  Vent til du er så sikker som du kan vera på at temperaturen både natt og dag held seg over ti grader. Mens du ventar: La pottene stå utandørs på fine dagar, og ta dei inn når nettene blir kjølege. Den fyrste dagen du tek dei ut, ikkje set dei i steikande sol, då kan blada bli “solbrente”. Gje dei gradvis tilvenning – ein halvskya dag er bra.

NB! Fordi om det alt nå er nokre dagar med temperatur over ti grader, ikkje plant ut. Som regel kjem det alltid kalde periodar i mai. I fjor planta eg ut den 21. mai. Då hadde det vore sol og varmt lenge. Sjølvsagt fall temperaturen til 5 grader fyrste natta… Det gjekk heldigvis godt, for eg ilte ut om kvelden og dekka med to lag fiberduk.

Masse kompost, masse vatn og stor plass med masse sol er det graskara treng. (Foto: frå slutten av mai av Margunn Ueland)

Utplanting: Graskar treng stor plass og mykje næring. Dei må veksa på lun plass med sol mesteparten av dagen. Kompost elskar dei. Eg pleier å gje mine minst ei stor bøtte kompost. I starten, då jorda var dårlegare, fekk dei to bøtter. Eg vatnar grundig ved utplanting: Dvs. Ei stor vannekanne til kvar plante. Eg lagar ei sirkelforma grop rundt planten som eg tømer vatnet oppi. La vatnet trekkja ned, tøm så ei bøtte kompost rundt planten. Eg likar også å dekkja jorda med gras/halm. Både for at det held på fukt (graskar treng mykje vatn), det er bra for jordlivet (alle mikroorganismane i jorda og meitemarken) og det blir reinslegare å gå mellom graskara.

Graskar treng plass. Kvar plante skyt mange meter lange rankar. Dette biletet tok fotograf Jan Inge Haga den 8. juli i fjor. Det er dotter mi Mari som er med.

Sortsval: Mange spanande sortar å velja mellom. I fjor dyrka eg ti ulike. Hadde tenkt å så frø frå eigne graskar, men så fekk eg lyst å prøva ein ny sort: “Tom Fox”. Desse ser ut som klassiske Halloween-graskar. Bak på frøposen står det at fruktene kan bli opptil 8 kilo tunge og “er også utmerket til matlaging”.  Eg sådde seks frø av desse, alle har spirt.

Frø frå Nelson Garden. Eg kjøpte på Europris.

I fjor hadde eg fleire ulike sortar på same plass – under epletrea. Då er sjansen stor for at dei har kryssa seg, dermed kan eg ikkje vera sikker på kva eg får av eigne frø.  Hadde vore løye (artig) å prøva… Må tenkja litt på det.

“Uchiki Kuri” (Foto: Jan Inge Haga, sommaren 2018)

I tillegg sådde eg tre “Uchiki Kuri” – var nemleg tre frø igjen i den gamle frøposen frå 2018. Hittil har eitt frø spirt. Det var desse eg var mest nøgd med i fjor: Dei som blei fyrst ferdige, bar flest frukter pr. plante og mellom dei aller beste (om ikkje den beste?) på smak.

Dette biletet er frå i fjor då Alvin og Malene sådde graskar og mais. (Foto: Ragnar Fossen Olsen)

PS: Det er gildt å så graskar i lag med barn. Planen var at naboungane Malene og Alvin skulle få så, i år som i fjor. Men så blei vêret så fantastisk flott, at dei reiste til hytta tidlegare enn planlagt. Men eg har nå eit par frø att i posen, så dei kan få så kvar sitt når dei kjem heim…

LES MEIR OM GRASKAR:

RAPPORT FRÅ SOMMAREN I FJOR OM KOSS DET GJEKK MED DEI TI SORTANE

KULE UNGAR, KULE GRASKAR

SMAKSTEST AV DEI TI SORTANE

  • EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:
  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Graskar er gøy!”

  • Jeg har vintersådd frø og det har gått strålende, nå spirer alt mulig. Men så er det jo det at selvom vi nå er inni en varm og sommerlig periode- så kan det fort bli litt “vinter” igjen der jeg bor (h5). Hva tror du jeg bør gjøre med spirene hvis været snur? Flytte dem innomhus litt? Har ikke drivhus. Hittil har de tålt nattetemp på et par minus. .

    • Hei! Alltid vanskeleg å vita koss veret blir, kan skifta fort frå varmt til kaldt i mai. Trøyst: Frø som er vintersådd og har spirt ute, toler meir enn dei som er sådde inne og så planta ut. Godt teikn at dei har tolt eit par minus hittil. Spørs kva vekster det er. Grønkål og spinat for eksempel er temmeleg hardføre. Eg trur eg hadde dekka dei med eit lag eller to lag fiberduk, evt plast/bobleplast.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: